Hopp til innhold

Norske lakseselskap betalar 800 millionar kroner i forlik i USA

Mowi, Lerøy, Salmar, Grieg Seafood og to andre norske lakseselskap inngår eit forlik i USA. Til saman betaler dei rundt 817 millionar kroner.

Forliket kjem etter påstandar om konkurranseavgrensande åtferd, ifølgje E24. Selskapa vart saksøkte i 2019 for «ulovleg koordinering» i eit amerikansk massesøksmål.

Forliket er avhengig av godkjenning frå ein domstol i Florida.

Selskapa opplys i børsmeldingar at dei meiner det ikkje er noko hald i krava mot dei, men at dei likevel har gått med på eit forlik.

(NTB)

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no