Hopp til innhold

Rike russarar flyttar hit

Eigedomskjøp i Dubai av russarar auka med 67 % dei tre første månadene av 2022, heiter det i ein rapport.

Det er BBC som melder dette torsdag.

Dei sameina arabiska emirata (UAE) har ikkje sett sanksjonar mot Russland eller kritisert invasjonen av Ukraina.

Dei gir òg visum til russarar som ikkje er sanksjonerte, medan mange vestlege land har avgrensa dei.

Det blir anslått at hundretusenvis av menneske har forlate Russland dei siste to månadene – sjølv om eksakte tal ikkje er tilgjengelege.

Tal syner at det bur om lag 100.000 russisktalande i Dubai.

Dubai
Foto: GIUSEPPE CACACE / AFP

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no