Hopp til innhold

EU-land kastar ut over 40 russiske diplomatar

Tsjekkia utviser ein russisk diplomat, og då har fire EU-land tysdag utvist til saman 43 russarar. Dei blir skulda for å drive med spionasjeverksemd.

Nederland var først ute i det som såg ut til å vere ein koordinert aksjon mot påstått russisk etterretningsverksemd. Utanriksdepartementet i Haag utviser 17 russarar som blir skulda for å vere aktive etterretningsoffiserar og ein trussel mot nasjonal tryggleik.

Belgia har kasta ut 21 diplomatar og Irland kastar ut fire russiske diplomatar. Tsjekkias utanriksdepartement har gitt ein russisk diplomat 72 timar på å forlate landet.

– Saman med våre allierte reduserer vi nærværet til den russiske etterretninga i EU, seier tsjekkisk UD.

Sist veke utviste Polen 45 russarar som var skulda for å vere etterretningsoffiserar, skriv NTB.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no