Hopp til innhold

Kina skuldar Stoltenberg for å spreie feilinformasjon

Kinesiske styresmakter reagerer på Nato-sjef Jens Stoltenbergs skulding om at dei spreier feilinformasjon og støttar Russland politisk i Ukraina-krigen.

– Å skulde Kina for å spreie feilinformasjon om Ukraina, er å sjølv spreie feilinformasjon, sa talsperson Wang Wenbin i det kinesiske utanriksdepartementet torsdag.

Ytringa kjem etter pressekonferansen på onsdag der Stoltenberg sa at ein må ta for seg Kina si rolle i konflikten. Han sa blant anna at Kina har støtta Russland politisk ved å spreie lygner og feilinformasjon.

(NTB)

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no