Hopp til innhold

Melder Telenor til politiet for Myanmar-sal

Forum for utvikling og miljø (ForUM) melder Telenor til politiet for å selje Myanmar-verksemda til eit selskap som blir hevda å ha nær tilknyting til militærregimet.

Telenor skal, ifølge avisa Myanmar Now, ha fått 200 førespurnadar om å utlevere sensitiv data om sine kundar til Myanmars myndigheiter det siste året.

– Det vi fryktar er at sensitiv persondata, spesielt knytt til menneskerettsaktivistar, skal bli delt med juntaen, seier dagleg leiar Kathrine Sund-Henriksen til NRK.

ForUM består av rundt 50 norske utviklings- og fredsorganisasjonar. Dei viser til moglege brot på Straffelova kapittel 16 om folkemord, brotsverk mot menneske og krigsbrotsverk.

Kommunikasjonssjef i Telenor Group, Gry Rohde Nordhus, seier dei ikkje var kjent med politimeldinga før NRK tok kontakt.

– Vi har sidan militærovertakinga i Myanmar gjort mange grundige vurderingar, og vi har sett spesielt på sanksjonar, menneskerettar, personvern og sikkerheita til våre tilsette. Basert på desse vurderingane er det ikkje grunnlag for nokon politimelding.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no