Nedskalerte Nobel-arrangement
Smittesituasjonen gjer at det blir ei nedskalert feiring når Nobels fredspris blir delt ut i Oslo denne veka. Alt går som normalt, men med færre publikum og deltakarar, melder NTB. Nobelinstituttet seier dei er i løpande kontakt med helsestyresmaktene. Årets fredspris går til journalistane Maria Ressa frå Filippinane og Dmitrij Muratov frå Russland.