Hopp til innhold

Vil ikkje bruke ekte våpen

Produsenten for dramaserien «The Rookie», som går på TV 2, seier at dei ikkje vil bruke ekte våpen på sett, skriv AP. Det vart bestemt etter at filmfotografen Halyna Hutchins vart skoten og døde på innspelinga av filmen «Rust».

– Kvar ein risiko, er ein for stor risko, sa produsent Alexi Hawley. I staden vil serien bruke falske våpen og legge på skoteffektar i etter-produksjonen.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no