Hopp til innhold

Vil bygge nye busetjar-bustadar

Israelske styresmakter kunngjer at dei vil byggje ytterlegare 1.300 bustadar i busetningane på den okkuperte palestinske Vestbredden. Godkjenninga av nye bustadar i dei ulovlege busetningane var ikkje uventa, og fredag ytra USAs utanriksdepartement bekymring over byggjeplanane.

Talsmann Ned Price bad Israel og palestinarane «avstå frå einsidige skritt som kan auke spenninga og undergrave innsatsen for å fremme ein forhandla tostatsløysing» på konflikten.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no