Kreftlegar ber om klare vaksinesvar
Helsestyresmaktene må gje kommunane klårare beskjed om kva som skal skje med uvaksinerte helsearbeidarar. Det meiner fleire leiarar på norske kreftavdelingar. I dag må alle sjukeheimar og heimetenester sjølv finne ut om dei har lov til å spørje om tilsette er vaksinerte. Det bør koma klårare nasjonale reglar, seier leiar for kreftavdelinga på Sjukehuset Østfold, Andreas Stensvold.