Dronning Elizabeth skal kvile
Storbritannias dronning Elizabeth har etter råd frå legen blant anna avlyst eit besøk til Nord-Irland, melder Sky News.
Den 95 år gamle monarken er sjukmeld og skal bruke dei neste dagane til å kvile.
– Hennar majestet er i fin form og er lei seg for at ho ikkje kan besøke Nord-Irland, seier Buckingham Palace i ei melding.
Det er ifølge Sky News ikkje snakk om korona. Dronninga skal kvile på slottet.