Over 100 døde i flaum
Minst 116 personar er døde etter fleire dagar med flaum og ras i India og Nepal, melder AFP.
I tillegg er det meldt om mange sakna.
– Det regner framleis mange stader. Vi samlar data frå feltet. Dødstala kan stige ytterlegare, seier Humkala Pandey, som jobbar med katastrofehandtering i Nepal, til nyheitsbyrået.