Hopp til innhold

Sender medisinar til Romania

Medlemslanda i EU har sendt koronamedisinar og utstyr til å behandle pasientar til Romania, der mange uvaksinerte er sjuke.

I løpet av dei ti første dagane i oktober døydde det ein person kvart sjette minutt av covid-19 i Romania, der vaksineskepsisen er høg.

Ein tredel av innbyggarane i landet er vaksinerte. Offisielle tal frå denne veka viser at over 70 prosent av dei som er smitta er uvaksinerte. Av dei som dør av infeksjonen er 93 prosent ikkje vaksinert.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no