Hopp til innhold

Elleve drepne i Syria

Minst elleve opprørarar skal vere drepne i russiske luftangrep i Syria, melder observatørgruppa Syrian Observatory for Human Rights, SOHR.

Angrepa ramma ein skule som blir brukt som base av opprørsgruppa al-Hamza Division.

SOHR meiner dødstala kan stige fordi det framleis blir jobba med å søke gjennom ruinane.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no