Låg kvinnedel i yrkesfag
Samanlikna med andre OECD-land er Noreg blant landa med lågast kvinnedel i yrkesfag, skriv Statistisk sentralbyrå.
Under 40 prosent av elevane i yrkesfagleg opplæring i Noreg er kvinner, viser rapporten Education at a Glance 2021.
I OECD-landa var kvinnedelen i snitt 45 prosent.
Av dei nordiske landa var det berre Island som hadde ein lågare kvinne del i yrkesfag enn i Noreg. Finland har den høgaste kvinnedelen med 54 prosent.