Hopp til innhold

Hareide: Ein epoke kan vera over

– Veldig ofte så seier me at me har låge skuldre, men i kveld trur eg at eg torer seia at me har høge skuldre. Me veit at det står veldig mykje på spel, seier Knut Arild Hareide til NRK på KrFs valvake på Vulkan Arena i Oslo.

Med eit val kan det skje skifte, seier han. Det seier han at dei må vera førebudde på.

– Og for meg så veit eg at ein epoke i mitt liv kan vera over i kveld, seier han.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no