Hopp til innhold

Unntak for koronavaksinerte

Fullvaksinerte får unntak frå smittekarantene, opplyser Helsedepartementet. Dei blir med det sidestilt med dei som har hatt covid-19 dei siste seks månadane.

Personar som har fått første dose for mellom 3 og 12 veker sidan kan også bli fritekne dersom dei tek ein test mellom 3 og 7 døgn etter siste nærkontakt med ein som er smitta. Dei som ikkje ønsker å ta test, må i ventekarantene.

Dette er i tråd med dei råda regjeringa har fått frå Helsedirektoratet og Folkehelseinstituttet.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no