Norwegian får klarering i Argentina
Argentinske luftfartsstyresmakter (ANAC) vil gi Norwegian klarsignal for å opne 153 ruter både i inn- og utland, via dotterselskapet Norwegian Air Argentina. Det skriv Norwegian i ei børsmelding. Endeleg rutegodkjenning er venta snarleg.