Krev at staten grip inn mot DAT
Norsk flygerforbund krev at Samferdsledepartementet grip inn mot Danish Air Transport. Det kjem fram i eit brev forbundet har sendt departementet.
Det danske flyselskapet blir skulda for mellom anna å bryte kravet om å bruke fast tilsette på FOT-rutene.
Selskapet er tidlegare skulda for sosial dumping, og har fått pålegg frå Luftfartstilsynet om å dokumentere at dei følgjer norsk arbeidsmiljølovgjeving. DAT avviser skuldingane.