Styrar av Instagramkontoen Rasisme i Norge, Jamal Sheik debatterar med sjefsredaktør i Subjekt, Danby Choi, i programmet "Ueinig".
Foto: Erik Buraas / NRK

Eit spent møte

NRK har samla to ulike personar til debatt i eit håp om at dei kan forstå kvarandre litt betre.

Jamal (30) og Danby (29) likar ikkje kvarandre.

– Jamal er ein sint og usmakleg fyr, seier Danby Choi, mannen bak kulturavisa Subjekt.

Jamal Sheik styrar Instagram-kontoen «Rasisme i Norge» som gir ei stemme til dei som har opplevd diskriminering og rasisme.

Jamal har stått i mange stormar der dei to er på kvar si side av debatten.

– Danby er glad i bråk. Han er ein liten frekkas og provokatør, seier Jamal.

NRK sitt nye debattprogram «Ueinig» har samla dei to mennene i 30 åra for å sjå om dei kan forstå kvarandre litt betre i eit knøttlite kvitt studio på Marienlyst i Oslo.

Teamet dei skal diskutere er ytringsfridom.

– Kan eg ikkje gå slik?

Danby svingar inn på parkeringsplassen til NRK i ein kvit Tesla Model S for andre gong.

Ein halvtime tidlegare vart han sendt heim for å skifte då han møtte opp i feil antrekk.

– Hæ, kan eg ikkje gå slik? spurde Danby.

Danby Choi utanfor NRK før innspeling av programmet Ueinig.

Danby Choi vart sendt heim for å skifte då han dukka opp i feil klede før innspeling.

Foto: Sunniva Grimstad Hestenes / NRK

– Fekk ikkje du mailen om klede? svarte produsenten og forklarar at ein helst skal ha på seg mørke klede fordi studioet er så lyst.

Han fekk tilbodet om å låne klede frå kostymelageret til NRK, men det skulle han iallfall ikkje.

Så no spaserer han sakte opp bakken igjen med lange steg i favoritt Gucci-loafersane. Han tek seg god tida sjølv om han har utsett produksjonen med 40 minutt.

Ein time tidlegare kom Jamal tidsnok i ein burgunderraud taxi og nærmast ramla lattermild ut av bilen.

Jamal Sheik på veg til å spele inn programmet Ueinig.

Kledd i svarte klede frå topp til tå, er det ikkje noko kledekrise med Jamal Sheik.

Foto: Sunniva Grimstad Hestenes / NRK

Han kjenner seg klar til debatt og går inn i jobbmodus. No må han fokusere.

Jamal tek opp mobilen klar for å ta eit bilete, før han spør produsenten.

– Kva kan eg dele og ikkje?

Det brutale klippet

Utanfor TV-huset til NRK ligg Studio-X. Det liknar ein iglo, vel og merke utan snø. Dei ruglete gjennomsiktige veggane lyser opp kvar einaste krik og krok i ansiktet på deltakarane.

Halvvegs inn i opptaket ser Danby rett på Jamal og seier:

– Rasistar er taparar i samfunnet. Det å bli stempla som rasist er ikkje kult. Det er eit ansvar du har.

– Då må eg seie at det er viktig å poengtere det faktum at, seier Jamal.

– Kan eg forklare, så kan du ta det etterpå, svarar Danby.

Diskusjonen dreiar seg om ei hending frå desember 2020. Då la Jamal ut ein tre sekunds lang video på instagramkontoen «Rasisme i Norge» som viste at ein togkonduktør tok kvelartak på ei ung jente.

Jamal Sheik, Varin Shiva, programleiar Ingunn Solheim, Lars Akerhaug og Danby Choi under innspelinga av episoden om Ytringsfridom i programmet Ueinig.

Ytringsfridom var teamet som vart debattert då Danby Choi og Jamal Sheik møtte Varin Shiva og Lars Akerhaug i debattprogrammet Ueinig.

Foto: Erik Buraas / NRK

– Vi fekk klippet frå to 14-år gamle jenter. Og det vi såg var ganske brutalt, forklarar Jamal.

Sjølv om videoen var sladda og konduktøren anonymisert, meiner Danby at konduktøren vart skulda for å vere rasist i kommentarfeltet til Instagram-kontoen. Kontoen har godt over 40.000 følgarar.

Men videoen viste ikkje alt.

Set maktpersonar til veggs

Danby Choi bur på Oslos beste vestkant, men vaks opp på 50 kvadrat på austkanten. Han elskar å gå i dress og eig den ti år gamle Staffordshire Bull Terrien, Gucci.

Han er heilt spinnvill og har lite folkeskikk, men veldig snill, fortel Danby.

Gucci er okse-gjeter av lynne. Dei fleste hundar har ikkje sjølvtillit nok til å gjete oksar, men han er smidig og frekk nok til å setje dei på plass.

Det er likt det ein journalist og redaktør gjer. Setje maktpersonar til veggs, samle flokken og leie den, litt som ein gjeter.

Danby starta kulturavisa Subjekt i 2013. Redaksjonslokalet ligg i hipsterbydelen Günerløkka i Oslo.

Innanfor glasdøra sitt eit titals menneske rundt eit bord. Dei et lunsj.

Redaksjonen brukar å gjere dette, dekke eit bord med marmelade, roastbiff, ost, brød, kaffi og appelsin-juice. For så å ete lunsj i lag, som ein familie.

Danby Choi på i redaksjonslokala til Subjekt.

Etter lunsj sit Danby Choi saman med redaksjonen og jobbar samen med dei.

Foto: Sunniva Grimstad Hestenes / NRK

«Rasisme i Norge»

Rundt halvannan kilometer sør for Subjekt står Jamal og ventar på ein varm falafel. Det er dagens lunsj, og medan han ventar, ringer telefonen.

Han svarar. Og som dei fleste telefonane han får, er det anten ungdommar som treng nokon å snakke med, eller personar som har opplevd rasisme.

Jamal har akkurat runda 30 år, og ifølge han sjølv jobbar han meir enn åtte timar gratis kvar dag med Instagram-kontoen «Rasisme i Norge».

Eg står i elden for alle.

Kontoen skulle i utgangspunktet berre vise rasisme og diskriminering i Noreg, og gi ei stemme til dei som hadde opplevd dette.

Etter kvart utvikla den seg til noko meir.

Jamal innsåg at han kunne hjelpe menneska som tok kontakt. Anten ved å samle inn pengar, følge dei til politiet, vise dei til juridisk bistand, eller rett og slett berre vere ein dei kunne prate med.

– Ver så god, seier mannen bak disken. Jamal tek falafelen i handa og startar å gå mot kontoret.

Jamal Sheik

Jamal Sheik på veg inn til det nye kontoret som ligg i Storgata i Oslo.

Foto: Sunniva Grimstad Hestenes / NRK

Den omdiskuterte redaktøren

Etter lunsj skal journalistane i Subjekt lage ei liste på dei 100 i kulturlivet som har mest makt.

Inne på det systematiske rotet av eit kontor fortel Danby at han vart journalist fordi han hadde lyst å bidra til endring.

Om kulturlivet skal bli betre, må ein stille dei kritiske spørsmål, seier han.

Men Danby og Subjekt har sjølv fått kritikk. Blant anna for å vere transfobisk og rasistisk, ifølge Dagens Næringsliv. Og å ha støtta ein lærar som var kritisk til pride i skulen.

Det er antirasisme, skeiv kultur og slike støtteverdige prosjekt vi så irriterande stiller kritiske spørsmål til. Eg meiner vi gjer desse rørsla betre på den måten, fortel Danby.

I dag er kulturavisa landets raskast veksande avis.

Redaktør i Subjekt Danby Choi på kontoret sitt på Grünerløkka.

Kontoret til Danby Choi er på størrelse med redaksjonslokalet til Subjekt.

Foto: Sunniva Grimstad Hestenes / NRK

Jamal og det store ansvaret

Jamal er stolt av kontoret han har fått låne av Organisasjon mot offentleg diskriminering.

Det er trongare enn eit kott. Dei kvite veggane har mørke merker på seg, og det ligg stablar med leidningar, hefte, dvd-cover og bøker på golvet.

– Når alt er klart skal det stå «Rasisme i Norge» på døra og folk kan kome hit å få hjelp, fortel han vidare.

Jamal Sheik

– Det treng berre litt oppussing, seier Jamal Sheik og peiker på målarutstyret i hjørnet.

Foto: Sunniva Grimstad Hestenes / NRK

Det er viktig for Jamal å vere ansiktet til kontoen, fordi dei som sender melding skal vite kven den går til.

Dei som tek kontakt med oss skal vere trygge på kven dei snakkar med og at det er ein vaksen person.

Men å vere ansiktet til kontoen har ført til kritikk, uthenging og hets. Det gjer arbeidet tungt til tider.

– Kvifor tok du på deg ansvaret når det har ført til hets og mykje ulønt arbeid?

Det kjennast uansvarleg å berre skulle droppe det når det er born som tek kontakt og seier dei har det vondt, seier han medan stemma brestar.

Han blir stille og kniper leppene saman.

Jamal har hatt ein tøff barndom. Han flytta heimanfrå i tidleg alder og har sidan måtte klare seg sjølv.

– Eg har ikkje lyst å svikte dei, seier han.

Jamal Sheik som barn.

Jamal Sheik kjenner på eit ansvar for å hjelpe barn og unge som har opplevd diskriminering og rasisme. For som liten fekk han ikkje den hjelpa sjølv.

Foto: Privat

– Redigerer ikkje innhald

Instagram-kontoen får fleire titals meldingar om dagen, og det er viktig for Jamal ikkje å redigere innhaldet som kjem inn.

– Hensikta bak kontoen er å vekkje Noreg og vise at dette er saker som skjer i landet. Det er viktig for meg å kunne gi folk den stemma ufiltrert.

Tilbake i Studio-X prøvar han å forklare korleis han publiserer materialet.

– Det eg gjer, er at eg tek det du fortel meg, det du har av materiale, lagar det om til eit bilete og publiserer det med tekst.

Det skulle vise seg å få konsekvensar då videoen av togkonduktøren vart publisert utan nærare bakgrunnssjekk.

I seinare tid har det vist seg at det var ein krangel på toget, men det er ulike versjonar av kva som skjedde. Det som er sikkert er at videoen ikkje viste heile bilete, og den vart til slutt sletta.

– Hadde ein gjort meir research, stilt kritiske spørsmål, bedt om heile klippet og meir dokumentasjon. Då trur eg du hadde eit anna bilete før du la ut desse innlegga, seier Danby.

Konsekvensen av å bli hengt ut

Fagleg ansvarleg og nestleiar i Norsk senter for informasjonssikring Karoline Tømte seier at mange opplev det som belastande og krenkande å bli hengt ut på sosiale medium. Og spesielt om dei ikkje har moglegheita til å forsvare eller forklare seg.

– Mange opplev tap av kontroll og ubehag over at dei ikkje har oversikt over kva som blir skrive eller blir delt, og at dei ikkje har moglegheit til å ta til motmæle eller forsvare seg, seier Tømte.

Tenkjer du over kommentarar og innlegg du legg ut på sosiale medium?

I ettertid har Jamal lagt seg flat og beklaga for videoen av togkonduktøren. Men han syns videoen såg veldig brutal ut.

– Det var derfor vi publiserte den. Ikkje fordi han var ein rasist. For det hadde vi ingen belegg for å meine, forklarar han til dei andre deltakarane.

Jamal meiner at rasist-stempelet kom som eit resultat av at kommentarfeltet kom ut av kontroll. Det var ikkje kontoen som gav konduktøren stempelet, seier han.

Det får temperaturen i igloen til å stige.

No snakkar deltakarane i munnen på kvarandre medan dei peiker i ulike retningar.

Dei er tydeleg på at Jamal har eit ytringsansvar.

– Det vart ein rasismedebatt. Sjølv om Jamal ikkje kalla konduktøren ein rasist, er han medskyldig i at han starta ei rasiststempling mot han, seier Danby med ei spørjande undertone.

NRK forklarer

Kva er ytringsfridom?

Kva er ytringsfridom?

Ytringsfridom

Ytringsfridom er den retten alle har til å gi uttrykk for dei ideane og tankar dei sjølv vil. Og til å la seg informere om dei ideane og tankane som andre delar.

Kva er ytringsfridom?

Det seier advokat og førsteamanuensis i offentleg rett ved Universitetet i Oslo, Anine Kierulf.

Kva er ytringsfridom?

Har ein lov å seie, kommentere eller ytre alt?

Ifølge Kierulf finst det ei rekkje rettslege grenser for ytringsfridommen.

Det er forbod mot truslar, sjikane, hatytringar mot utsette grupper, utlevering av private opplysningar, og usanne påstandar som kan øydeleggje omdømme til folk.

Kva er ytringsfridom?

Ytringsansvar

Alle har ytringsfridom under ansvar, seier Kierulf.

Det vil seie at du fritt kan spreie ytringar, men du kan bli ansvarleg for det du ytrar etterpå.


Dette ansvaret kan vere:

  • Rettsleg. Viss du skriv eller formidlar noko ulovleg kan du få bøter.
  • Sosialt. Viss du skriv noko mange meiner er feil eller dumt, kan ein til dømes bli upopulær eller hengt ut.

Ansvar for kommentarfelt

Danby dreg opp eit til døme på nokon som har vorte hengde ut på Instagram-kontoen.

– Eg veit om ein som framleis går til psykolog etter å ha blitt hengt ut og identifisert på «Rasisme i Noreg». Vedkommande er livredd for å gå ut døra og få bank. I kommentarfeltet har det vorte skrive adressa til vedkommande, seier Danby og ser alvorleg på Jamal.

Her er Jamal tydleg på at deling av adresser, truslar og hets er heilt uakseptabelt å ha i eit kommentarfelt. Det blir sletta.

– Men på ein konto med ein førti og nokre tusen følgjarar, så vil det alltid gå ei kule varmt i kommentarfeltet, seier han.

Han forklarar at han har prøvd å regulere kommentarfeltet, men det er ikkje alltid rett å slette kommentarane til folk heller.

– Vi har prøvd å tillate folk å ytre seg, fordi vi har fått kritikk for å slette, blokkere og stengje, seier han.

–Ja, det er jo ikkje heilt rett å slette heller, svarar Danby og smiler.

– Nei. Det er vanskeleg å finne ein «middle ground». Kva tillèt du av ytringar på ei sånn svær plattform? Kva for tillèt du ikkje?

Anine Kierulf.

Alle har eit sjølvstendig ansvar for det dei ytrar seg om, uansett om det skjer på gata, trikken, i avisa eller på nett, seier Kierulf.

Foto: Håkon Mosvold Larsen

– Utgangspunktet er at alle er ansvarlege for sine eigne kommentarar, seier advokat og førsteamanuensis i offentleg rett ved Universitetet i Oslo, Anine Kierulf.

Men om ein ikkje tek vekk ulovlege ytringar som ein blir merksam på, kan ein sjølv få eit medverknadsansvar for å ha bidrege til å leggje til rette eller spreie ytringane, forklarar Kierulf.

– Inntrykket mitt er at svært få eigentleg kjenner omfanget av ytringsfridommen og grensar i noko særleg detalj.

Mistar mykje kommunikasjon

Å styre ein stor Instagram-konto kjem med eit stort ansvar, meiner Danby.

– Gjennom fleire tusen år har evolusjonen lært oss å kommunisere med mimikk, ansiktsuttrykk, kroppsspråk, og så plutseleg dei siste 20 åra har vi kommunisert via taster.

Det har gjort at vi mister mykje kommunikasjon, som hensikt, intensjonar, tonefall og humør, ifølge Danby.

– Då byrjar ein å starte debattar som eigentleg ikkje burde ha funne stad.

Vil du finne ut av korleis debatten mellom Danby og Jamal enda til slutt, kan du sjå episoden i NRK TV her:

Debatten om ytringsfridom har eksplodert dei siste åra. Fire personar frå kvar sin kant av debatten om woke, ytringsansvar og kansellering møtes.

Debatten om ytringsfridom har eksplodert dei siste åra. Fire personar frå kvar sin kant av debatten om woke, ytringsansvar og kansellering møtes.

– Treng fleire slike samtalar

Døra til Studio-X går opp og ut kjem det diverse kamerafolk, produsentar og til slutt deltakarane.

Dei er slitne etter å ha prata i tre timar.

Det var veldig fint, fordi ein fekk avkrefta nokre vonde fordommar av kvarandre, seier Danby.

Danby Choi utanfor Studie X etter innspeling av Ueinig.

Etter debatten seier Danby at han har endra meining om alle deltakarane. No lese dei etter beste hensikt.

Foto: Sunniva Grimstad Hestenes / NRK

Han tenkjer ikkje lenger at Jamal er ein sint og usmakleg fyr.

No ser eg på han som ein fyr som med beste meining ønskjer å belyse rasisme i samfunnet, enn at han ønskjer å hemne seg på enkelte, seier Danby.

Han håpar Jamal tenkjer det same om han.

– At eg ikkje nødvendigvis har vonde hensikter sjølv om det hender at eg har meiningar som er politisk ukorrekte.

På spørsmål om Jamal har endra syn på Danby, svarar han:

– Sjølv om eg er ueinig i det Danby seier, klarer eg å skilje mellom personen Danby og redaktøren Danby.

Jamal Sheik og Varin Hiwa

Jamal Sheik seier debatten har gjort at han kan male eit meir riktig bilete av menneska han møtte.

Foto: Sunniva Grimstad Hestenes / NRK

Jamal seier han har fått eit større innblikk i intensjonane Danby har for å publisere og for å bidra i samfunnsdebatten.

– Eg meiner vi treng å ha fleire slike samtalar. Mindre skriking, mindre roping, meir forståing og tid til å høyre på kvarandre.