Hopp til innhold

Vurderer nye reglar for å avverje droneangrep

Justisminister Jøran Kallmyr vurderer nytt droneregelverk. Det kan bli lov for norske styresmakter å blokkere signal, slik at dronar ikkje kan fly over visse punkt.

Mongstad

Mongstad er eit av åtte olje- og gassanlegg på land. I tillegg til ei rekke til havs.

Foto: Gwladys Fouche / Reuters

– Vi har eit regelverk for å avskjere fiendtlege dronar. Dette regelverket må vi utvikle i tråd med den teknologiske utviklinga, seier justisminister Jøran Kallmyr.

I 2018 utvikla regjeringa ein strategi for regelbruk og heimlar for å kunne handtere dronar. Dei fleste dronane er vennlege, men nokon kan vere fiendtlege.

Justisminister Jøran Kallmyr

Justisminister Jøran Kallmyr vurderer å endre dronereglane slik at styresmaktene kan blokker, eller jamme, signal frå dronar i visse område.

Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix

– Vi må ha eit regelverk som gjer at ein kan ta dei ned ganske fort. Ein moglegheit kan vere å jamme signal slik at dronar ikkje kan fly over visse punkt, seier Kallmyr.

Angrepa på oljeraffineria i Saudi-Arabia 14. september har aktualisert problemstillinga. Droneangrepet halverte Saudi-Arabia sin oljeproduksjon på ein dag.

Det er også kjent at dronar blir brukt til smugling over landegrenser.

Restar av dronene som vart brukt i angrepet mot Saudi-Arabia 14.september

Restar av dronane som vart brukt i angrepet mot Saudi-Arabia 14. september 2019.

Foto: Hamad I Mohammed / Reuters

– Norske oljeinstallasjonar er lette å ramme

Generalløytnant Robert Mood har åtvara om at norske oljeinstallasjonar ikkje er godt nok beskytta og lette å ramme.

Robert Mood

Robert Mood åtvara om at tryggleiken på norske olje- og gassinstallasjonar.

Foto: Lokman Ghorbani / NRK

– Eg blir overraska om dei ikkje blir angripne av dronar i framtida, sa Mood til NRK laurdag.

Justisministeren er ikkje like uroa. Han presiserer at styresmaktene har eit system i dag for å kunne handtere dronar som kjem inn på eit uønskt område.

Samtidig har dei eit generelt fokus på å utvikle regelverk for å kunne handtere utviklinga som dronar kjem til å bety i Noreg framover.

– Det er PST som jamleg vurderer trusselen, og handterer og eventuelt set i gong tiltak utifrå den trusselvurderinga. Med tanke på dronar har det skjedd veldig mykje i løpet av nokre få år. Dette er ei utvikling som vi er nøydd til å ta på alvor sikkerheitsmessig, seier Kallmyr.

– Kva tenkte du då du såg kva som skjedde i Saudi-Arabia?

–Saudi-Arabia er i ein heilt annan situasjon geografisk enn det vi er i Noreg, men dronebruk er ein ting vi er nøydd til å ta på alvor og tar vi høgde for når vi planlegg vår tryggleik i Noreg, seier Kallmyr.

AKTUELT NÅ