Hopp til innhold

Vil lage åtte stor-universitet

Høgskulane blir slått saman med universiteta. 38 utdannings-institusjonar blir redusert til åtte universitet. Det offentlege Stjernø-utvalet vil snu opp ned på utdannings-Noreg.

Åtte store universiteter
Foto: NRK

Utvalet for høgare utdanning er leia av professor Steinar Stjernø og leverer innstillinga si tysdag denne veka.

Både forventninga og frykta i utdanningssektoren er stor.

Les også: Slik skal Utdannings-Noreg sjå ut

Les også: - Studentene vil falle av

Åtte store

Reaksjonane har meldt seg allereie før trykksverta er tørr.

Utvalet går nemleg inn for omfattande samanslåingar.

Dei vil slå høgskulane saman med universiteta - og redusere talet på utdanningsinstitusjonar slik at vi får 8-10 store universitet.

Støtter du Stjernø-utvalets forslag?

I dag er det 38 statlege universitet og høgskular i Noreg. Sju av dei er universitet, men mange av høgskulane er inne i ein prosess for å bli universitet.

Utvalet seier lærestadane skal få diskutere kven dei vil høyre saman med, men har sjølv eit konkret forslag om åtte regionale universitet. (Sjå grafikk.)

Utvalet meiner diskusjonen mellom institusjonane må vere avslutta 1. januar 2010, og at Regjeringa då må inn og avgjere kven som skal fusjonere.

- Det er vanskeleg å peike på nokon frivillig reform i Noreg som har ført til særlege resultat, seier utvalsleiar Steinar Stjernø til NRK.

For mykje sjølvråderett

Han vil ikkje kommentere kva løysingar utvalet går inn for, men stadfestar at utvalet vil samle kreftene i utdannings-Noreg.

Utvalet meiner det er problematisk med mange små fagmiljø som dels konkurrerer mot kvarandre. Utvalet meiner og det er ugunstig at kvar institusjon har stor sjølvråderett og vil ha sterkare statleg styring av sektoren.

- I den aukande internasjonale konkurransen treng vi meir konsentrasjon. Vanlegvis tenker ein slik at faglege og vitenskaplege miljø må ha ein viss storleik for at det skal vere kvalitet der. Dette uroar oss, seier Stjernø.

Skeptisk mot tvang

Rektor på Universitetet i Bergen, Sigmund Grønmo, likar ikkje ideen om samanslåingar.

- Vi er uroa for eit generelt pålegg om samanslåingar. Universiteta og høgskulane er ulike.

- Å slå dei saman vil gjere det vanskeleg for begge typar institusjonar å profilere seg med sine fremste fortrinn og kjenneteikn. Det blir også store og kompliserte organisasjonar som blir vanskeleg å styre og leie.

Leiar i Norsk Studentunion, Per Anders Langerød, er samd.

- Det viktigaste er at det må vere universiteta og høgskulane sjølve som ønskjer samanslåing. Det er heller ikkje slik at det er nokon samanheng mellom kor stor lære-instusjonen er og kvaliteten. Vi mistenker at motivet her er effektivisering, meiner han.

Stjernø-utvalet si skisse til "Nye universitets-Noreg":

Stjernø-utvalget skisse til "Nye universitets-Noreg"

Universitetet i Nord-Norge

Universitetet i Tromsø

Høgskulen i Finnmark

Høgskulen i Tromsø

Høgskulen i Harstad

Høgskulen i Bodø

Høgskulen i Narvik

Høgskulen i Nesna

Samisk høgskule

Noregs teknisk-naturvitenskapelege universitet

NTNU

Høgskulen i Nord-Trøndelag

Høgskulen i Sør-Trøndelag

Høgskulen i Ålesund

Høgskulen i Molde

Høgskulen i Volda

Universitetet i Vest-Noreg

Universitetet i Bergen

Høgskulen i Sogn og Fjordane

Høgskulen i Bergen

Høgskulen i Stord/Haugesund

Universitetet i Sørvest-Noreg

Universitetet i Stavanger

Universitetet i Agder

Universitetet i Vest-Viken

Høgskulen i Telemark

Høgskulen i Vestfold

Høgskulen i Buskerud

Innlandsuniversitetet

Høgskulen i Lillehammer

Høgskulen i Gjøvik

Høgskulen i Hedmark

Universitetet i Aust-Noreg

Universitetet for miljø- og biovetenskap

Høgskulen i Oslo

Høgskulen i Akerhus

Høgskulen i Østfold

Universitetet i Oslo (som i dag)

Ekspander/minimer faktaboks

AKTUELT NÅ