Hopp til innhold

Slik skal Utdannings-Noreg sjå ut

Slik meiner det offentlege Stjernø-utvalet at Utdannings-Noreg skal sjå ut.

I dei to viktigaste skissene for framtidig løysing, har utvalet plassert Universitetet i Agder og Universitetet i Stavanger saman til det som blir kalla Universitetet i Sørvest-Noreg.

Les også: Vil lage åtte stor-universitet

Tromsø som sentrum

Samtidig understrekar utvalet at det finst andre moglege løysingar - som at Universitetet i Agder går saman i eit stort regionsuniversitet med Telemark, Buskerud og Vestfold og at Stavanger-universitetet går saman med Universitetet i Bergen i eit stort vest-norsk universitet.

Universitetet i Nord-Noreg som skal vere samansett av høgskulane i Finnmark, Tromsø, Harstad, Bodø, Narvik og Nesna. Også Samisk høgskole bør vere ein del av eit slikt universitet som får dagens universitet i Tromsø som sentrum

Under same paraply

At det fortsatt skal vere noko som heiter Norges Teknisk Naturvitenskapelege universitet. Men dette skal vere langt meir enn dagens NTNU i Trondheim.

Åtte store universiteter
Foto: NRK

Det nye og utvida universitetet kan bli samansett av dagens NTNU, og i tillegg få høgskulane i Nord-Trøndelag, Sør-Trøndelag, Ålesund, Molde og Volda under same paraply, dersom utvalet får viljen sin.

Eit nytt universitet Østafjells

Utvalet tenker seg at Høgskulane i Telemark, Vestfold og Buskerud kan gå saman for å bli det nye Universitetet i Vest-Viken.

Dei tre fylka har ei større utfordring enn andre regionar i landet fordi det ikkje eksisterer noko universitet her i dag. Men utvalet legg til grunn at institusjonene vil fylle kravene til universitetsstatus i løpet av få år.

Utvalet ser eit anna alternativ i at høgskulane i dei tre fylka går saman i ein endå større organisasjon saman med det noverande Universitetet i Agder.

UiO blir som det er

Det kan bli noko av ideen om eit innlandsuniversitet ved å slå saman Høgskulane i Lillehammer, Gjøvik og Hedmark. Regionen har ei større utfordring enn andre område i landet fordi det ikkje eksisterer noko universitet her i dag.

Men utvalet legg til grunn at institusjonene vil fylle kravene til universitetsstatus i løpet av få år.

Utvalet foreslår også at Universitetet i Oslo får leve vidare som det er i dag. Sjølv om universitetet då er den einaste av utdanningsinstitusjonane som slepp unna store omveltningar, betyr ikkje det at UiO blir dyrka fram som det eliteuniversitetet rektor Geir Ellingsrud har snakka om.

Utvalet argumenterer langt på veg for at alle dei åtte til ti universiteta i det framtidige Utdannings-Noreg skal vere profilerte og konkurransedyktige internasjonalt.

Høgskolen i Oslo kan bli slått saman med Universitetet på Ås og høgskolen i Østfold i denne nye strukturen.

AKTUELT NÅ