Konspirasjonsteoriar på Youtube: – Veldig mange ser på desse videoane

Konspirasjonsteoriar går som ein farsott blant skuleungdommar på internett. No er lærarar og forskarar uroa over utviklinga.

Anna Haug Vandenhove, Emil Ekholdt og Saskia Miriam Brennen

Anna Haug Vandenhove, Emil Ekholdt og Saskia Miriam Brennen diskuterer konspirasjonsteoriar.

Foto: John Thomas Gamache

«Jorda er flat», «Det var ikkje éin person som drap John F. Kennedy» og «verken Elvis Presley eller Michael Jackson er døde». Dette er nokre av konspirasjonsteoriane ungdommar flokkar seg rundt på internett.

Philip Elias Fleisher, Andrea Sønju og Harunya Kurusanth

SPANANDE: Elevane Andrea Sønju, Tharunya Kurusanth og Philip Elias Fleisher synest konspirasjonsteoriar er spanande.

Foto: Ida Theresa Myklebost / NRK

For skulen er derimot ikkje desse konspirasjonsvideoane berre uskyldig moro.

Flere unge tror mer og mer på konspirasjonsteorier. Nå skal de lære mer om kildekritikk i skolen.

Flere unge tror mer og mer på konspirasjonsteorier. Nå skal de lære mer om kildekritikk i skolen.

Vil ha det inn i læreplanen

Sjur Aaserud jobbar som historielærar ved Ulsrud vidaregåande skule, og har fleire gongar sett seg nøydd til å ha samtalar med elevane om historier og konspirasjonsteoriar dei har funne på internett.

Han uroar seg spesielt over kor kort vegen er frå tullevideoar til alvorlege konspirasjonsteoriar.

– Viss ein sitt framfor PC-en og er ein aktiv søkar, kan ein enkelt komme over antisemittiske konspirasjonsteoriar og anti-USA-konspirasjonsteoriar. Dei er berre eit tastetrykk unna, fortel Aaserud.

Historielæraren etterlyser retningsliner og meiner medvit rundt konspirasjonsteoriar i langt større grad må gå inn i læreverk og læreplanar.

Elevane NRK har snakka med understrekar at dei berre ser på videoar om konspirasjonsteoriar fordi det er morosamt, og at dei stort sett ikkje trur på innhaldet.

Likevel er forfattar John Færseth skeptisk til denne hobbyen. Han har skrive bok om konspirasjonsteoriar i Noreg, og fryktar at trenden kan vere ein trussel for demokratiet.

– Vi lever i eit samfunn som baserer seg på tillit – på at vi har nokolunde tillit til politikk, media og andre institusjonar. Forsvinn denne tilliten har vi eit alvorleg problem, seier Færseth.

Veldig overtydande

– Kanskje ein ikkje stoler på nyheiter på same måte eller slit ut kjeldekritikken litt fordi ein gir opp å stole på nokon, svarar Saskia Miriam Brennen, som går på Nesodden Vidaregåande skule, på spørsmål om korleis konspirasjonsvideoane kan påverke elevane.

Medelev Anna Haug Vandenhove meiner YouTube-videoane kan vere veldig overtydande.

Neil Armstrong på Månen

MÅNELANDING: Ein av konspirasjonsteoriane som har stor oppslutning er at amerikanarane aldri gjekk på månen i 1969.

Foto: Neil Armstrong/NASA

– Eg skjøner jo at mykje ikkje er ekte, men så blir ein sånn «ja, det der kunne ha funka», seier Vandenhove.

NRK har tidlegare skrive om at 15-åringar slit med å finne fram på nett og at éin av sju unge har sosiale medium som si viktigaste kjelde til nyheiter.

Emil Ekholdt, som òg går på Nesodden vidaregåande skule, skulle ønske skulane tok meir tak i temaet og førebudde dei betre på ein ny internett-kvardag.

– Skulen har alltid sagt at vi ikkje skal tru på det vi finn på internett, men eg trur ikkje dei forstår kor viktig det er, for det er veldig mange som ser på desse videoane og fake news og sånt, seier Ekholdt.

Propaganda

Historia viser at konspirasjonsteoriar kan få alvorlege følgjer.

Forskar Alexa Døving ved Senter for studium av Holocaust og livssynsminoritetar fortel at konspirasjonsførestillingane mot jødar spelte ei stor rolle i propagandaen som førte til folkemordet under andre verdskrig.

Ho meiner ein må vere forsiktig om ein utset seg for konspirasjonsteoriar.

– Viss ein først trur på éin konspirasjonsteori, er det mykje lettare å byrje tru på alle andre slags konspirasjonsteoriar, seier Døving.

Alexa Døvig peker på en propagandategning brukt i forbindelse med konspirasjonsteorier mot jøder

Alexa Døving peikar på ei propagandateikning brukt i samband med konspirasjonsteoriar mot jødar i mellomkrigsåra.

Foto: Ida Theresa Myklebost / NRK

Blir sett på dagsordenen

Kunnskapsminister Jan Tore Sanner deler uroa og er samd med lærar Asaserud.

– Det er ingen tvil om at konspirasjonsteoriar og falske nyheiter blir spreidde på internett, og då er det heilt avgjerande at elevane blir lærte opp til å vurdere den informasjonen dei hentar ut, seier Sanner.

Kritisk tenking og kjeldekritikk blir difor ein del av dei nye læreplanane som kjem neste år.

– Elevane skal bli trente opp til å vere borgarar i demokratiet, delta i samfunnsdebatten og stille kritiske spørsmål. I tillegg vil samfunnsfag ha ei viktig rolle både når det kjem til digital dømmekraft og kjeldekritikk, men dette vil òg vere sentralt i andre fag, fortel kunnskapsministeren.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste meldinger