Hopp til innhold

Forskar slår alarm: – 15-åringar slit med å finne fram på nett

HOP (NRK): Norske 10.-klassingar slit med å navigere på nettsider og finne fram informasjon. – Dersom to kjelder seier det same, må det jo vere sant? seier elevar.

Paula Eglite, Charlotte Mevold Bjørnestad, Kristine Klubben og Charlotte Duke

10-KLASSINGAR: Paula Eglite (t.v.), Charlotte Mevold Bjørnestad, Kristine Klubben og Charlotte Duke brukar som regel Wikipedia når dei skal finne informasjon på nett.

Foto: Bergit Sønstebø Svendseid / NRK

15-åringane Paula Eglite, Charlotte Mevold Bjørnestad, Kristine Klubben og Charlotte Duke brukar kjelder som Wikipedia og Store norske leksikon når dei skal løyse ei skuleoppgåve.

Men dersom 10.-klassingane ikkje finn informasjonen dei leitar etter med éin gong, vert det utfordrande.

– Det er vanskeleg å vurdere kjeldene sjølv. Men vi stolar på informasjonen viss den høyrest riktig ut og det vert brukt avanserte ord, seier jentene, som går på Hop oppveksttun skole i Bergen.

– Og dersom vi til dømes finn to kjelder som seier det same, må det jo vere sant, resonnerer dei fire.

Ny forsking frå Universitetet i Oslo viser at dei fire 10.-klassingane slett ikkje er åleine. Forskar Tove Stjern Frønes fortel at urovekkande mange 15-åringar har få strategiar for å ta seg fram på nett.

– Generelt er navigasjonsferdigheitene på eit svært lågt nivå.

Ikkje imponert

Roger Bortne er lærar for klasse 10C på Hop oppveksttun skole. Han er ikkje vidare imponert over elevane sine evner til å navigere på nett.

– Dei er ikkje så frykteleg flinke. Men dei har blitt litt betre, for i starten brukte dei utelukkande Wikipedia og SNL.

Roger Bortne

LÆRAR: Roger Bortne har forsøkt å lære elevane sine å bli meir kjeldekritiske.

Foto: Bergit Sønstebø Svendseid / NRK

Han fortel at han har brukt mykje tid på å lære elevane å finne informasjon på nett.

– Det stoppar raskt opp når kjeldene er på engelsk. I tillegg les dei som regel berre den første sida i søkemotoren. Om dei ikkje finn noko konkret i overskriftene hoppar dei vidare. Dei klikkar seg ikkje inn på sidene ein gong, seier Bortne.

Eglite, Bjørnestad, Klubben og Duke er samde i at det er ekstra slitsamt å finne informasjon på engelsk.

– Det er vanskeleg å vite kva for ord ein skal søke på, fortel dei.

Fryktar digitalt klasseskilje

Tove Stjern Frønes ved UiO har studert 666 elevar sine svar og analysert lister over klikk dei har gjort i samband med oppgåveløysing.

Tove Stjern Frønes

FORSKAR: Tove Stjern Frønes er uroa for norske elevar sine ferdigheiter til å navigere på nett.

Foto: Shane Colvin/Det utdanningsvitenskapelige fakultet, UiO.

No fryktar forskaren ved Institutt for lærarutdanning og skoleforsking for framtida til ungdommane.

– Dette er kompetanse som er heilt naudsynt som vaksen. Ein kan risikere at det oppstår eit digitalt klasseskilje basert på dei ressursar som finst i heimen. Både når det kjem til å gje råd og opplæring i nettvett, kjeldebruk, kva for nettsider ein kan stole på, og korleis ein skal navigere og orientere seg om vanlege tekstar på nett.

Frønes håpar skulane vil ta ansvar og lære elevane korleis dei skal ta seg fram på nett

– Vi er uroa for at store grupper ikkje får den naudsynte opplæringa, og dei vil då kunne få problem med til dømes vidare utdanning. Vi skuldar borna våre å lære dei dette.