Hopp til innhold

Vibeke har blitt «stalka» i 16 år – no krev ho endring i lova

«Stalking» er lov, i alle fall så lenge du klarar å skjula det. Vibeke meiner politikarane må få opp farta og få til ei lovendring.

Vibeke har blitt stalka i 16 år.

KREV ENDRING: Vibeke meiner ei endring i straffelova må koma raskt på plass.

Foto: Ola Hana / NRK

– Når eg går gjennom undergangen her, så lurer eg alltid på om han kjem springande etter meg. Det gjer han nokre gonger. Då sneiar han ansiktet mitt.

Vibeke fortel om mannen som ho dei siste 16 åra har meldt for politiet heile sju gonger.

Vibeke har meldt han for «stalking». Det som i lova heiter personforfølging.

Men lova speler ikkje på lag med Vibeke.

Vibeke

Vibeke viser undergrunnen som politiet har råda ho frå om å bruka når det er mørkt.

Foto: Ola Hana / NRK

Det er to år sidan ho fortalde NRK si historie. Historia er framleis den same.

Politiet har avhøyrt mannen fleire gonger, men har aldri sikta mannen og har lagt vekk sakene.

– Dei sa at han er meir plagsam enn farleg, men at eg ikkje skulle gå i undergangen når det er mørkt.

Vil tetta holet i lova

Statsadvokat Kaia Strandjord i Trøndelag meiner det er eit hol i lova som gjer at «snikstalking» ikkje er straffbart.

– Det var ein tidlegare forvaringsdømd som gjekk rundt og kikka inn vindauga og snikfotograferte unge jenter. Han blei frifunnen i Høgsterett fordi det ikkje låg innanfor hans forsett at han skulle bli oppdaga, forklarar Strandjord.

Statsadvokat Kaia Strandjord

Statsadvokat Kaia Strandjord.

Foto: NRK

Med denne dommen slår altså Høgsterett fast at stalking er tillate så lenge «stalkeren» klarar å skjula det.

Statsadvokaten ynskjer at holet i lova blir tetta. Allereie i 2019 sende ho eit lovforslag til Riksadvokaten. Det blei sendt vidare til justisdepartementet.

For to år sidan var lovforslaget på høyring. Likevel er det ikkje innført enno.

Strandjord ynskjer fortgang.

– Ikkje eit lovtomt område

– Dette ser me på og det er eit viktig område. Samstundes er det viktig for meg å presisera at det ikkje er eit lovtomt område i dag, seier Hans-Petter Aasen (Sp), statssekretær i justisdepartementet.

Han meiner det er viktig at dei som blir utsette for «stalking» melder frå til politiet.

statssekretær Hans-Petter Aasen

Statssekretær i justisdepartementet Hans-Petter Aasen.

Foto: Rune Kongsro / Justis- og beredskapsdepartementet

– Det finst straffereglar i dag også som kan dekkja desse handlingane, seier Aasen.

I leilegheita har Vibeke installert alarmar og kamera. Ho har alltid persiennene nede. Mannen ho har meldt til politiet ei rekkje gonger for personforfølging bur i blokka rett bortanfor.

Mannen nektar til NRK at han ser på ho eller forfølgjer ho, men mannen dukkar opp i vindauga under intervjuet.

NRK har også sett ei rekkje videoar og bilde ho har tatt av han der han kjem etter ho inn på t-banen eller på gata.

Vibeke

Vibeke passar på å ha persienne nede i vindauga som er retta mot blokka der mannen bur.

Foto: Ola Hana / NRK

Vibeke er ikkje den einaste som lever slik. Ein norsk studie frå 2014 viser at kvar åttande kvinne blir «stalka» i løpet av livet.

– Det er heilt surrealistisk at ein er så dårleg beskytta. Eg er ei kvinne i Noreg i 2023. Eg kan ikkje ta t-banen utan å vera redd for om han kjem etter meg. Politikarar, få opp farta, seier ho.

AKTUELT NÅ