Hopp til innhold

I to år blei kvinna forfølgt. No er mannen tiltalt for trakassering av fleire kvinner

«Thea» blei forfølgt, trakassert og truga, men politiet la bort alle sakene. Til slutt måtte ho og dottera flytta. No har Riksadvokaten gitt ordre om å ta ut tiltale.

Forfulgt kvinne i Bjørnafjorden kommune

LANG PERIODE: Kvinna og dottera hadde vore forfølgt og trakassert av ein mann i Bjørnafjorden kommune i meir enn to år.

Foto: Even Norheim Johansen / NRK

I sommar fortalde NRK historia til «Thea».

Då hadde kvinna og dottera vore forfølgt og trakassert av ein mann i Bjørnafjorden kommune i meir enn to år.

Den vesle familien møtte mannen tilfeldig i ein park. Det skulle endra livet fullstendig.

– For sjuk til å straffast

Trass i fleire forbod mot å oppsøka kvinna, oppsøkte mannen Thea over ti gongar. Men sjølv om framferda til mannen var truande, la politiet saka bort gong på gong.

Årsaka er at det var tvil om mannen si psykiske helse. Heller ikkje statsadvokaten meinte at det kunne reisast sak mot han.

Mannen har vore for frisk til å dømmast til psykisk helsevern, og for sjuk til å bli straffeforfølgt.

Thea og advokaten hennar klaga på avgjerda om å leggja bort saka og Riksadvokaten kom på banen. Han gjorde om på det, og kravde full etterforsking av alle sakene.

No er tiltalen klar.

Påtalemakta ber om at mannen blir overført til tvungen psykisk helsevern.

– Thea er glad for at saka er tatt på alvor, og at ho fekk medhald i klagen. Og for at mannen får hjelp, seier advokaten til Thea, Kristine Aarre Hånes.

Forfulgt kvinne i Bjørnafjorden

FORFØLGT: Mannen oppsøkte Thea og dottera både ute og heime.

Foto: Even Norheim Johansen / NRK

14 brot på besøksforboda

Mannen er tiltalt for kroppsskade etter at han i juni 2020 dytta ei kvinne utfor ein halvannan meter høg mur. Kvinna fekk brot i ryggen og i handleddet, og har fått varige smerter.

I tillegg er han tiltalt for trugslar, forfølging og for seksuelt krenkande framferd.

Han er også tiltalt for 14 brot på besøksforbod mot Thea.

Mannen skal blant anna gjentatte gonger ha oppsøkt og dels følgt etter Thea og dottera hennar, og sendt ho ei rekke tekstmeldingar med sjikanerande innhald og bilete.

Fleire gonger skal han ha oppsøkt ho heime, og plystra og laga støy for å få merksemda hennar. Ein av gongane reiv han sund ein kopi av besøksforbodet og peikte på ho.

Mannen er og tiltalt for å ha brote besøksforbod mot to andre personar.