Hopp til innhold

Vestlandet opna for lufttrafikk

Vestlandet frå Stavanger og nordover er opna for flytrafikk. Det er opna for landingar på Gardermoen søndag kveld.

Dette biletet av oskeskya er teke frå verdsrommet 16. april.

Oskeskyene frå Island held framleis dei fleste flya på bakken.

Foto: NASA / REUTERS

Dermed er luftrommet ope frå Stavanger i sør til Berlevåg i nord. Luftrommet lengst aust i Finnmark, som omfattar Kirkenes, Vadsø, Vardø og Båtsfjord er framleis ikkje tilgjengeleg. Men også desse flyplassane kan opne i løpet av kvelden.

Gardermoen opna

Prognosane som Avinor nyttar seg av viser at luftrommet over heile Sør-Noreg kan bli klart i løpet av dei neste seks til 12 timane. Søndag kveld opna både Stavanger, Haugesund og Gradermoen, men Kristiansand, Torp, Rygge og er førebels stengt.

Det kjem framleis til å vere ei streng prioritering av kva type trafikk som blir avvikla i dei delane av luftrommet som no er ope. Ambulanseflygingar vil bli prioriterte, så det er ikkje opna for avvikling av alle ruter.

Avinor minner om at passasjerar må ta kontakt med flyselskap og reisebyrå for nærmare informasjon.

Rutefly

- Flyselskapet Norwegian har meldt at dei vil setje opp eitt fly frå Tromdheim til Bodø og Tromsø tidleg i kveld og retur frå Tromsø seinare på kvelden. Også SAS har flyavgangar mellom Trondheim og Nord-Noreg i dag, blant anna fleire flygingar på ruta mellom Tromsø og Trondheim via Bodø.

Også Widerøe har flygingar i ettermiddag og kveld.

Prognosekart utarbeidd av Vulcanic Ash Advisory Center i London (MET Office) klokka ni norsk tid viser at luftrommet frå Trondheim og nordover ligg utanfor oskeskyene frå Island, medan Aust-Finnmark er igjen dekt av skyene, melder Avinor .

Ole Kristian Pettersen

Lufthamnsjef Ole Kristian Pettersen seier flyplassen i Kristiansund er open.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

- Frå Kristiansund er det ingen rutefly som går nordover, men vi er så smått i gang igjen med helikoptertrafikken, seier lufthamnsjef Ole Kristian Pettersen til NRK.no.

- Hadde vi hatt ei rute mellom Kristiansund og Bodø ville flyet ha gått, seier Pettersen.

Han seier det ikke blir aktuelt å sende fly fra Kristiansund og nordover.

- Det ville blitt heilt uhaldbart for SAS om dei skulle leggje opp rutene etter kva for flyplassar som er opne, seier Pettersen.

AKTUELT NÅ