Hopp til innhold

Vedum kallar statsministeren inn til Stortinget for fråflyttingssvar

Rekordstor nedgang i folketalet gjer at Trygve Slagsvold Vedum krev svar på kva som har gått gale i Nord-Noreg. Vi kan ikkje vedta kor folk skal bu, svarar regjeringa.

rM8rTyAom4U

INTERPELLASJON: Trygve Slagsvold Vedum og Senterpartiet sender tysdag morgon ut ein interpellasjon til statsminister Erna Solberg, for å få svar frå i Stortinget på kva ho tenkjer om folketalsnedgangen i nord.

Foto: Terje Pedersen

– Dette er djupt alvorleg, og difor vil vi sørgje for at vi får statsministeren til Stortinget, slik at vi kan ha ein skikkeleg debatt om dette. Kva vil Solberg, spør Senterparti-leiaren.

Og det han tykkjer er dramatisk, er at folketalet har gått ned med fleire hundre i kvart av dei tre fylka i Nord-Noreg så langt i år.

Dei ferske folketalstala for tredje kvartal kom frå Statistisk sentralbyrå førre veke, og dei var dyster lesnad for nordlendingane.

  • I Nordland har det vorte 937 færre innbyggjarar så langt i år
  • I Troms har det vorte 827 færre innbyggjarar så langt i år
  • I Finnmark har det vorte 325 færre innbyggjarar så langt i år

I dei største byane Tromsø, Bodø og Alta veks folketalet, men i mange utkantkommunar er det på veg rett ned.

Vedum vil ha svar på kva regjeringa tenkjer å gjere med dette, og difor har han i dag sendt ein interpellasjon til statsministeren. Det tyder at ho har fått eit spørsmål som ho lyt kome til Stortinget for å svare på. Ho kan også sende ein statsråd til å svare for seg.

– Eg lurer på kva statsministeren har tenkt å gjere, no som vi ser denne dramatiske utviklinga i Nord-Noreg. Ho må fortelje kva grep ho skal ta for å gjere noko med dette, seier Vedum.

– Men i mange av dei kommunane som no dreg ned folketalet i nord, var det også folketalsnedgang då de sat i regjering sist. Kanskje er det ikkje så enkelt?

– Nei, det er ikkje enkelt, men dei gjer jo ingenting for å motarbeide dette, tvert om gjennomfører dei mange reformer som bidreg til endå meir sentralisering.

Det årlige skreifisket starter i januar og varer til april

FÆRRE FOLK: Senja i Troms er ein av dei stadene der ein har opplevd folketalsnedgang.

Foto: Cornelius Poppe / NTB scanpix

– Vi kan ikkje vedta kor folk skal bu

Det er statsministeren som har fått spørsmålet frå Vedum i Stortinget, men førebels er det kommunalminister Monica Mæland (H) som svarar på kritikken mot regjeringa.

Ho er ikkje imponert av kritikken frå Senterpartiet.

– Som vanleg peikar Senterpartiet på alt dei meiner er feil, utan å kome med løysingar sjølv. Folketalsnedgangen i nord handlar om at innvandringa går ned, og at fødselstala og går ned. At innvandringa går ned er fordi regjeringa fører ein strengare innvandringspolitikk, og eg trur ikkje Senterpartiet vil noko anna.

Vedum peikar på reformer som kommunereforma og politireforma, og på nedlegginga av flybasen på Andøya. Er det noko i det?

– Nei, vi reformerer offentleg sektor fordi Noreg har forandra seg, og då må offentleg sektor gjere det same. Vi kan ikkje vedta kor folk skal bu, men vi kan leggje til rette for eit næringsliv i vekst og for at det er godt å bu over heile landet. Det gjer denne regjeringa, seier Mæland.

2Bi-8sJWAuk

IKKJE IMPONERT: Kommunalminister Monica Mæland (H) er ikkje veldig imponert over kritikken frå Senterpartiet.

Foto: Terje Pedersen / Terje Pedersen

Forskar: – politikk har ikkje så mykje å seie

Knut Vareide ved Telemarksforsking forskar på regional utvikling, og han meiner at Trygve Slagsvold Vedum kanskje overdriv regjeringa si rolle i folketalsnedgangen litt.

– Regjeringa har langt på veg rett i at det er nedgangen i innvandring og lægre fødselstal som har skuld i folketalsnedgangen på den ferske statistikken. I tillegg ser vi nokre store liner som går over tid, og det handlar om at unge folk gjerne vil bu i byar.

Har ikkje politikk noko å seie på denne utviklinga, trur du?

– Jau, det kan ha litt å seie. Mellom anna kan talet på offentlege arbeidsplassar på ein stad å ha noko å seie, og der ser vi jo at sentraliseringa har skote fart under denne regjeringa, seier Vareide.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger