Hopp til innhold

Vårt Land: Ropstad erkjenner at han utnytta ordningane

Kjell Ingolf Ropstad opnar opp om dagane som førte fram til at han trakk seg som statsråd og partileiar for KrF.

Ropstad trekker seg som partileder og statsråd

Kjell Ingolf Ropstad trakk seg som statsråd og Krf-leiar i september 2021.

Foto: Annika Byrde / NTB

– Eg hadde med meg Kleenex, for å seie det sånn. Eg grein mange tårar den dagen.

Det seier Kjell Ingolf Ropstad om pressekonferansen der han trekte seg som statsråd og partileiar i september 2021.

I eit intervju med TV-pastor Egil Svartdahl opnar Ropstad opp om tida då det storma rundt han og pendlarbustad-sakene, som førte til at han måtte gå av som partileiar, skriv Vårt Land.

Ropstad erkjenner at han gjorde ein stor feil.

– Som politikar... så privilegert – og likevel å ønskje å utnytte endå betre desse ordningane og verkeleg få tynt ut... Det burde eg ikkje gjort, seier han.

Ropstad er i dag stortingspolitikar for KrF.

Feila som forbilde

Kritikken hagla mot Ropstad etter at Aftenposten avslørte at han i åra som stortingsrepresentant var folkeregistrert heime hos foreldra og difor fekk gratis pendlarbustad. På same tid eigde han og leigde ut halvparten av ein tomannsbustad i Lillestrøm.

I ettertid meiner Ropstad at avgjerda om å tekke seg var heilt riktig, skriv Vårt Land.

– Ja. Det meiner eg. Iallfall då. Eg var partileiar, statsråd. Eg var ein av dei aller mektigaste i landet. Då må eg vere eit betre forbildet, seier han.

Skjermdump frå TV-inter programmet med Kjell Ingolf Ropstad.

I TV Inter sitt samtaleprogram Plussprat er Kjell Ingolf Ropstad audmjuk og konstaterer at han har gjort ein ganske stor feil.

Foto: TV-inter

– Eg feila, og det måtte eg ta konsekvensen av. Og eigentleg er det litt godt å kunne ta konsekvensane innimellom, sjølv om det var veldig kjipt. Eg er eigentleg veldig trygg på at det var rett.

Riktig av han å gjere intervjuet

Politisk redaktør i Vårt Land, Berit Aalborg meiner det var riktig av Ropstad å gjere intervjuet. Aalborg rosar han for å gå ut og tydeleg seie at han har gjort ein feil.

– Uansett, det viser at han forstår alvoret, og det er openbert i dette intervjuet, seier ho.

Berit Aalborg

Politisk Redaktør i Vårt Land seier at det var riktig av Ropstad å gjere intervjuet.

Foto: Vårt Land

Aalborg seier ho ser ein forskjell på det han sa i haust, og det han seier no.

– Han har fått tid til å tenkje seg om, og det har vore lurt.

Tida vil vise om dette intervjuet får konsekvensar for han, meiner Aalborg.

– Eg trur mange sette pris på at han, som den første av stortingspolitikarane som har stått i denne stormen, seier at han har gjort noko gale og beklagar det.

Påkjenning for familien

Pendlarbustad- saka var ei påkjenning for Ropstad og familien, skriv Vårt Land.

– Fordi eg har hatt desse posisjonane, blir dei mykje meir utsett. Slike ting som dette hadde dei sleppt viss eg ikkje hadde hatt den posisjonen.

Ropstad seier vidare at han ikkje fekk tid til å snakke så mykje med alle søskena, men hos kona var det full støtte.

I TV-Inter-programmet svarar han nei på spørsmålet om det var kona som til slutt bad han om å gå av.

– Eg sa at viss eg må gå, kjem sannsynlegvis mediekøyret til å roe seg. Ho tenkte sannsynlegvis på at det å få familielivet til å gå opp. Med alle dei utfordringane som låg framfor, ville kvardagen bli litt betre når eg måtte gå av, seier han.

AKTUELT NÅ