Hopp til innhold

Væpna norsk politi skal leie oppdrag i Middelhavet

Det norske skipet som skal bistå i flyktningkatastrofen i Middelhavet skal ha innsatspersonell med våpen om bord.

Flyktninger reddes i land på Rhodos

SENDER SKIP: Noreg skal bistå i flyktningkatastrofen i Middelhavet. Det er første gong Noreg bidreg med skip til en slik operasjon i Middelhavet.

Foto: LOUKAS MASTIS / Epa

Norske styresmaker har blitt bedne om å stille med skip frå 1. august for å hjelpe til med å handtere flyktningkrisen. Regjeringa har gitt Politidirektoratet ansvar for oppdraget.

– Det som er spesielt med dette oppdraget er at det vil omfatte redning av migrantar i havsnød og i mange å tilfelle hente opp døde frå sjøen, seier seksjonssjef John Ståle Stamnes i Politidirektoratet.

Statsminister Erna Solberg (H) presenterer det norske skipet i Bergen torsdag ettermiddag. Etter det NRK erfarer kan skipet vere klar for oppdrag allereie i juni.

Også mannskap frå Forsvaret

Stamnes er sjef for internasjonal seksjon i Politidirektoratet. Dei jobbar no med å skaffe personell til operasjonen.

– Frå politiets side vil det vere personell som jobbar i operativ teneste. I tillegg vil det vere mannskap frå Forsvaret, seier Stamnes til NRK.

Følgjande mannskap skal vere om bord i det norske faryet:

  • Åtte innsatspersonell med politiutdanning (ein styrkeleiar, ein nestleiar, fire maritime politipersonell og to rapporteringspersonell)
  • Om lag 15 skipspersonell (norsk skipsførar)
  • Om lag ti forsvarspersonell gjennom Kystvakta (ein kystvaktleiar, tre båtførarar, to redningsmenn, samt fire sanitetspersonell og lege)
  • Italiensk liason

I tillegg søkjer Politidirektoratet etter ein norsk politiliason som skal arbeide i det internasjonale koordineringssenteret (ICC) i Roma. Det norske bidraget blir ein del av operasjonen «Triton» i regi av det europeiske grensekontrollbyrået Frontex.

Oppdrag i Middelhavet

Skal oppsøke flyktningar med lettbåtar

Personellet om bord skal ha med våpen, ifølgje den førebelse skildringa av oppdraget:

«Foreløpig plan beskriver at operativt personell medbringer sine personlige våpen. Det blir fremskutt våpenlagring ombord».

Den norske styrken skal også oppsøkje flyktningar med mobile lettbåtar:

«Innsatspersonell fra politi og kystvakt skal, også med lettbåter, søke kontakt og entre fartøy migrantene bruker for gjennomføring av kontroll».

Det står også at «berging og håndtering av døde inngår så langt dette er mulig».

Politidirektoratet planlegg for at det første toktet skal vere satt før søknadsfristen 1. juni. Detaljane rundt oppdraget er førebels ikkje avklart, men mest truleg får det norske bidraget tildelt eit operasjonsområde sørvest, sør og søraust av Sicilia.

AKTUELT NÅ