Hopp til innhold

Dette norske skipet skal redde flyktninger i Middelhavet

Det er skipet «Siem Pilot» som har fått oppdraget med å redde flyktningar i Middelhavet. Fartøyet dreg i slutten av mai, stadfestar statsminister Erna Solberg (H).

Siem Pilot

SKIP KLART: Skipet «Siem Pilot» som har fått oppdraget i Middelhavet, er 90 meter langt og kan ta ombord over 500 mennesker.

Foto: Jon Bolstad / NRK

Torsdag ettermiddag vart skipet som skal reise til kysten av Italia, presentert i Bergen.

Siem Pilot

REDNINGSSKIP: «Siem Pilot» er bygd som rednings- og forsyningsskip i Nordsjøen.

Foto: Siem Offshore

Forsyningsskipet «Siem Pilot» er nesten 90 meter langt og 20 meter breitt. Fartøyet er bygd i 2010 ved verftet Eidsvik skipsbyggeri i Uskedalen i Hordaland.

Etter det NRK forstår, var det i går ettermiddag at det vart bestemt at det er dette skipet som skal sendast. «Siem Pilot» er eit forsynsningsfartøy som også er konstruert for redningsoppdrag i Nordsjøen.

Skipet tar 500 menneske

Norske styresmakter har blitt bedne om å stille med skip frå 1. august for å hjelpe til med å handtere flyktningkrisen. Regjeringa har gitt Politidirektoratet ansvar for oppdraget, og innsatspersonell frå politiet skal ha med seg våpen om bord.

Etter det NRK kjenner til, reiser skipet allereie i mai. Dette kunne statsministeren stadfeste då ho viste fram skipet i Bergen torsdag ettermiddag. Det tek mellom ti og 14 dagar å seile frå Noreg til Italia.

Totalt kom det inn 48 tilbod om skip i anbodsrunden. «Siem Pilot» kan ta om bord fleire enn 500 menneske, og var det som var best eigna, ifølgje statsministeren.

Erna Solberg om bord i Siem Pilot

OM BORD: Statsminister Erna Solberg (H) om bord i skipet som skal til Middelhavet. Ho presenterte skipet i Bergen torsdag ettermiddag.

Foto: Jon Bolstad / NRK

Væpna politi om bord

Detaljane rundt oppdraget er førebels ikkje avklart, men mest truleg får det norske bidraget tildelt eit operasjonsområde sørvest, sør og søraust av Sicilia.

– Det som er spesielt med dette oppdraget, er at det vil omfatte redning av flyktningar i havsnød og i mange å tilfelle hente opp døde frå sjøen, seier seksjonssjef John Ståle Stamnes i Politidirektoratet.

Følgjande mannskap skal vere om bord i det norske fartøyet:

  • Åtte innsatspersonell med politiutdanning (ein styrkeleiar, ein nestleiar, fire maritime politipersonell og to rapporteringspersonell)
  • Om lag 15 skipspersonell (norsk skipsførar)
  • Om lag ti forsvarspersonell gjennom Kystvakta (ein kystvaktleiar, tre båtførarar, to redningsmenn, samt fire sanitetspersonell og lege)
  • Italiensk sambandsoffiser

I tillegg søkjer Politidirektoratet etter ein norsk politiliason som skal arbeide i det internasjonale koordineringssenteret (ICC) i Roma. Det norske bidraget blir ein del av operasjonen «Triton» i regi av det europeiske grensekontrollbyrået Frontex.

Oppdrag i Middelhavet

AKTUELT NÅ