Hopp til innhold

Søreide: – Afghanske barn var med på norsk fly frå Kabul

– Vi gjer det vi kan for å følge opp barna sine interesser, seier utanriksminister Ine Eriksen Søreide (H).

Utanriksminister Ine Eriksen Søreide kalla inn til pressekonferanse om evakueringa frå Afghanistan.

– Vi kan stadfeste at det var afghanske barn med på norske fly frå Kabul, sa Søreide under ein pressekonferanse om evakueringa laurdag.

Dette skal vere barn som har oppheldt seg over tid på det norske feltsjukehuset i Kabul.

– I ein heilt ekstrem situasjon valte vi å evakuere av omsyn til barna. Dei er tatt imot av barnevernstenesta og Bufetat, og får omsorg og naudsynt helseoppfølging, sa ho vidare.

Etter det NRK erfarer var det rundt ti barn med på flyet.

Utanriksdepartementet vil ikkje dele meir informasjon om barna av omsyn til personvernet deira, og ber om at dei blir skjerma.

Utfordrar evakueringsarbeidet

Tusenvis er desperate etter å forlate Afghanistan etter at Taliban tok kontroll over landet. Det har ført til eit høgt trykk på flyplassen i Kabul.

Utanriksministeren opplyste fredag at det var rundt 200 nordmenn i Afghanistan som har meldt seg for å reise heim. Det nøyaktige talet laurdag er 219.

Søreide seier det framleis er ein kaotisk situasjon på flyplassen.

– Den store flaskehalsen er å få folk inn på flyplassen for å sikre dei ei trygg utreise.

Dei er no i dialog med nordmennene som vil evakuere frå Afghanistan.

– Vi har vore i kontakt med alle, og har eit betre bilde av kven dei er, seier Søreide.

– Vi ser også ei positiv utvikling når det gjeld å få våre eigne lokalt tilsette og deira familiar inn på flyplassen, men også der er det krevjande arbeid som står att, legg ho til.

Pressetreff med utenriksministeren

Evakueringsarbeidet går no føre seg døgnet rundt, både i Kabul og frå Oslo, ifølge utanriksministeren.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB

Folk må gjere sine eigne sikkerheitsvurderingar

USA har rådd sine borgarar om å ikkje oppsøke flyplassen i Kabul på grunn av sikkerheitssituasjonen der.

– Vi har gjort det klart veldig klart for norske borgarar at dei må gjere eigne sikkerheitsvurderingar, for vi har ingen moglegheit til å transportere dei til flyplassen eller assistere dei på utsida, seier Søreide, som legg til at alle som registrerer seg for utreise får informasjon om når det er reelle utreisemoglegheiter.

Søreide vil ikkje gå inn på detaljane om kven som bestemte at barna skulle evakuerast i det norske flyet. Ho vil heller ikkje kommentere kor mange barn det er snakk om.

– Det var ein ekstrem situasjon, som førte til at det blei ei evakuering.

– Vil foreldra til desse barna også ville komme til Noreg?

– Eg vil ikkje gå inn på detaljar rundt det. Dette er barn som no er evakuert og som blir følgt opp av barnevernstenesta, Bufetat og helsepersonell. Også søker vi å vareta deira interesser så godt som mogleg, seier Søreide.

Fleire barn om bord evakueringsfly

Laurdag morgon landa eit nytt fly med nordmenn som er henta heim frå Afghanistan. Det er det tredje flyet som har kome til Noreg med evakuerte frå Kabul dei siste dagane.

Terje Watterdal, landdirektør i Afghanistankomiteen, var sjølv på dette flyet. Under evakueringa passa han på eit liten gut som var der utan foreldra sine.

Terje Watterdal på flyet fra Kabul.
Foto: PRIVAT

Watterdal seier til NRK at det var fleire barn utan foreldre med i det norske evakueringsflyet. Han seier det var to babyar, tre små gutar på mellom 1–4 år, ei jente på 6 år og ei gruppe med gutar mellom 8–13 år om bord på flyet.

AKTUELT NÅ