Usikkert om han er dekt av yrkesskadeforsikring ved koronasmitte

Fleire yrkesgrupper kan bli erklært uønskte av forsikringsselskap. Bussjåfør Ørjan Takle reagerer sterkt på at selskapa reiser tvil om han kjem inn under yrkesskadeforsikringa som dekker covid-19.

Einar Takle, bussjåfør i Tide i Bergen, reagerer sterkt på signal frå forsikringsselskap om at enkelte yrkesgrupper kan bli utelatt frå yrkesskadeforsikringa.

Ørjan Takle er bussjåfør i Tide i Bergen, og reagerer sterkt på at det er tvil om han kjem inn under yrkesskadeforsikringa dersom han blir koronasmitta.

Foto: Privat

Forsikringsselskapa fryktar store utbetalingar frå yrkesskadeforsikring etter at «covid-19 med alvorlege komplikasjonar» kom inn under yrkesskadeforskrifta 1. mars utan at endringa først var ute på høyring.

I eit notat til Justisdepartementet skriv organisasjonen, som representerer forsikringsselskapa, at dei er usikre og bekymra for konsekvensar og omfang når det gjeld primærgruppene innan helse og omsorg, men også til omfanget av yrker som sjåførar, frisørar, butikktilsette, andre tenesteytande yrker og undervisningspersonale.

Høgare premiar

Finans Norge meiner det er så usikkert kva grupper som blir omfatta av forsikringa, at det kan reisast spørsmål om «covid-19-sjukdomar» er forsikrigsbar. Enkelte forsikringsselskap vurderer faktisk å kutte ut tilbod om yrkesskadeerstatning for visse yrker, seier Hege Hodnesdal i Finans Norge.

Hege Hodnesdal

Nokre forsikringsselskap vurderer å kutte ut yrkesskadeforsikring for visse yrkesgrupper, seier direktør Hege Hodnesdal i Finans Norge.

Foto: CF-WESENBERG

– Nokre av selskapa i næringa har sagt at «her trur eg vi skal trå forsiktig og kanskje trekke oss noko ut av dei mest utsette yrkesgruppene, fordi her er det altfor usikkert i forhold til korleis dette vil treffe».

Lovpålagt forsikring

Og med dette bakteppet ber Finans Norge staten ta den første økonomiske støyten når utbetalingane aukar på grunn av covid-19-pandemien.

– Og så, etter ein kortare periode, vi antydar to år, får vi koma i ein normalsituasjon, seier Hodnesdal.

Her kan du sjå listene over yrkessjukdomar, klimasjukdomar og epidemiske sjukdomar som skal likestillast med yrkesskade.

Lita støtte for bøn om pengar

Forbundsleiar Lill Sverresdatter Larsen i Norsk Sykepleierforbund ristar på hovudet av pengebøna frå Finans Norge.

Lill Sverresdatter Larsen

Forbundsleiar Lill Sverresdatter Larsen i Norsk Sykepleierforbund har lita forståing for Finans Norge si bøn om statsstøtte for å dekka yrkesskadeforsikringa for «covid-19 med alvorlege komplikasjonar».

Foto: Tora Kyllingstad / NRK

– Eg synest dei er snare med å rope på pengar. Og eg registrerer også at dette er skadeforsikringsselskap som har hatt overskot og sett ned premiane på yrkesskadefeltet i årevis på grunn av gode resultat, men når det kjem ein situasjon som dette så skal dei altså ha pengar frå staten for å avhjelpa.

Og legg til:

– Samstundes så tenkjer vi at kostnadane ved dette ikkje er ytterleggåande.

Det er ikkje berre den økonomiske sida som er usikker. Finans Norge meiner det er uklart kva yrkesgrupper som kan krevja utbetaling av yrkessakdeforsikring på grunn av covid-19. Kan til dømes ein bussjåfør koma inn under ordninga?

– Det er vi ikkje sikre på, seier Hege Hodnesdal.

– Og det er det som er uheldig i denne saka. Dette bør vi ha ein god og tett dialog med styresmaktene på, og få klarheit i så snart som råd er, legg ho til.

Stor smittefare på bussen

– Dette reagerer eg sterkt på, seier Ørjan Takle, bussjåfør i Tide i Bergen.

Bussjåfør Ørjan Takle i Tide i Bergen, får passasjerar tett innpå seg, og reagerer på at det er usikkert om han kjem inn under yrkesskadeforsikring dersom han blir koronasmitta på jobb.

Ørjan Takle registrerer at det kjem mange passasjerar inn den fremste døra der det er kortare avstand enn ein meter til han.

Foto: Privat

Han forstår at helsepersonell må ha dei beste smitteverntiltaka. Men det er ikkje heilt ufarleg å vera bussjåfør heller, ei av få yrkesgrupper som er definert som samfunnskritisk under pandemien.

– Vi blir jo utsett for langt fleire folk i løpet av dagen i dei selskapa som kjører med open fordør. Og så kjem det veldig mange smitta inn gjennom den fordøra, med kortare avstand enn ein meter. Og det er lite smitteverntiltak knytta til akkurat det. Sjansane for at vi får korona er truleg like stor som for helsepersonell, men det er større problem for oss å påvise at smitten skjedde på jobb, seier Takle.

Premieauke

Dersom mange yrkesaktive blir offer for alvorleg sjukdom av covid-19, ser Hege Hognesdal i Finans Norge for seg at pengane vil renna ut frå forsikringsselskapa:

– Og då vil også premien måtta auka for å kompensera dette. Det vil alltid vera ei forsikring, men den kan bli veldig dyr. Men dette er veldig usikkert.

Ho møter lita forståing for frykten for store utbetalingar hos leiaren i sykepleierforbundet.

– Ja, eg tenkjer at dei overdriv faren for store utbetalingar knytta til covid-19. Men det er heilt nødvendig, med den risikoen som vi ser og med ein relativt uavklart situasjon på mellom anna seinfølgjer, at ein beskyttar dei som står i front i kampen mot ein pandemi, seier Lill Sverresdatter Larsen.

Arbeidsgivarorganisasjonene KS og NHO vil ikkje kommentere saka. Det vil heller ikkje Finansdepartementet som ventar på Finanstilsynet si vurdering av endringane i yrkesskadeforskrifta.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger