NRK Meny
Normal

Unge Høgre og FpU: –Venstre bør bli eit regjeringsparti

Fleire har tatt til ordet for at Venstre bør gå inn og bli ein del av regjeringa, no strekk også Unge Høgre og FpU ut handa. Men Venstre har enda ikkje bestemt seg.

Bjørn-Kristian Svendsrud i Fpu og Kristian Tonning Riise i Stortingets vandrerhall

INVITASJON: Bjørn-Kristian Svendsrud, formann i FpU, og Unge Høgre-leiar Kristian Tonning Riise vil ha selskap av Venstre i regjering og har skrive ei punktliste over politikk dei tre partia er einig om.

Foto: Espen Breivik / NRK

Førre veke trakk KrF seg ut av samtalane med dei borgarlege partia om regjeringssamansetting, medan Venstre enda ikkje har tatt stilling til om dei vil inn eller bli ståande utanfor ei regjering.

Regjeringa vil framleis bli ei mindretalsregjering sjølv om Venstre blir med. Det er likevel ein god idé, meiner ungdomspartia til Høgre og Framstegspartiet.

– Då vil vi kunne ta forhandlingane på førehand i staden for i Stortinget. For Venstre vil det gi eit betre høve for gjennomslag, seier leiar i Unge Høgre og nyvalt stortingsrepresentant Kristian Tonning Riise.

At det framleis vil vere ei mindretalsregjering utan KrF uroar ikkje Riise.

– Vi skulle helst sett at alle fire parti vart med i regjering, men så lenge vi er einig om at politikken vi fører går ut frå dei fire borgarlege partia, så ser eg på det som ein fordel å få enda eit parti med enn at vi har to parti utanfor.

Åtte punkt dei er einige om

Dei to ungdomspartia har skrive ei liste over punkt dei tenkjer Venstre, Høgre og Framstegspartiet kan bli einig om.

– Dette er venlege råd frå oss til dei tre partileiarane, forklarer Bjørn-Kristian Svendsrud, formann i FpU.

– Når begynte FpU å kjempe for gjennomslag for Venstre?

– Vi kjemper for vår eigen politikk, men slik grunnlaget er i Stortinget er det best å få flest mogleg inn i regjeringa. Ei liberal regjering vil uansett vere til det beste for Norge.

Venstre: – Det er politikken som avgjer

Leiar i Unge Venstre, Tord Hustveit, som også sit i Venstre sitt sentralstyre, svarer at det truleg er fleire punkt på lista dei tre partia kan bli einige om.

Tord Hustveit, leder i Unge Venstre

TEK IMOT: Leiar i Unge Venstre, Tord Hustveit, seier det er fint å bli oppfordra, men forventar også gjennomslag tilbake.

Foto: Siv Sandvik / NRK

– Eg håper invitasjonen også betyr at Høgre og Frp vil gi plass til våre viktigaste saker, som å få ned klimagassutslepp, få på plass ein rusreform og ein ansvarleg økonomisk politikk for framtidige generasjonar.

– KrF er ute av regjeringssamtalane, men Venstre har blitt verande. Kva betyr det?

– For oss er det politikken og kva saker vi får gjennom som avgjer, seier han og trekk særleg fram asyl og oljepolitikken der avstanden er stor mellom partia.

Unge Høgre-leiaren er ikkje overraska over at oljepolitikken er noko av det som vil liggje på forhandlingsbordet i samtalar mellom partia.

– Men så er det ingenting vi gir frå oss gratis. Vil Venstre ha gjennomslag for sitt krav om å ikkje konsekvensutrede Lofoten, Vesterålen og Senja så er dei også nøydd til å gi noko tilbake andre vegen, seier Riise.

– Det vil uansett bli fire krevjande år, det er nettopp derfor vi meiner det er betre å ha med Venstre og forhandle med eit parti på Stortinget heller enn to, legg Svendsrud til.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste meldinger