Hopp til innhold

Henta katten Frida (10) heim frå karantene: – Det var som eg løfta eit tomt bur

Katten Frida blei diagnostisert med anoreksi, dehydrering og nedsett medvit etter ho kom frå karantenestasjon. Ukrainske kjæledyreigarar kritiserer karantenestasjonane til Mattilsynet.

Oksana, Katia og katten Frida.

SKAKA: Oksana og Katia fekk sjokk då dei fekk tilbake katten Frida frå karantenestasjonen.

Foto: Eirin Tjoflot / NRK

– Hadde eg visst korleis dette kom til å bli, hadde eg heller ordna ei leilegheit for mamma og katten Frida i eit anna land enn i Noreg, fortel Katia Dolzhenko.

NRK møter Katia, mora Oksana og katten Frida heime hjå Katia i Oslo.

«Oksana – velkomen til Noreg!» står det på ein plakat som heng på veggen.

Oksana - velkomen til Noreg!, står det på plakaten som heng på veggen.

Dette skiltet møtte Oksana då ho kom til Noreg. Skiltet har no fått heidersplass på veggen.

Foto: Eirin Tjoflot / NRK

Katia har budd i Noreg i to år. I februar besøkte ho mora Oksana i Kyiv der ho vaks opp. Ho hadde nett kome heim att til Oslo då Russland invaderte Ukraina.

Kvar gong flyalarmane gjekk, søkte Oksana ly i bomberom saman med katten Frida.

Ein dag pakka Oksana kofferten, for det meste med kattemat. Ho skulle flykta til Noreg.

Måtte gi frå seg katten

Flukta gjekk via Romania. Der møtte Katia mor si.

Katia hadde lese seg opp på sidene til Mattilsynet. Ho skjønte at katten måtte i karantene då ho ikkje hadde fått rabiesvaksine. Samstundes oppfatta ho det slik at karantenen kunne gjennomførast heime om ein hadde privat bustad som eigna til det.

Frida i Romania

Katten Frida ligg langstrekt på eit hotellrom i Romania. Her møtte Katia mora Oksana og katten Frida før dei reiste vidare til Noreg.

Foto: Privat

– Då vi kom til Gardermoen forstod vi straks at dette ikkje kom til å bli smertefritt, seier Katia.

Ved grensekontrollen 17. mars blei dei møtt av ein veterinær som tok med seg Frida. Katia fortel at dei ikkje fekk vita kvar Frida skulle bli plassert, men at dei blei fortalt at dei kunne få besøka katten.

– Det var hjarteskjerande å forlata katten, seier Katia som samstundes legg til at ho forstår det må vera reglar.

Katten Frida.

Frida blei funnen på gata i Kyiv. Ho var seks månadar då dei fann ho. No er ho 10 år.

Katten Frida.

Ho var seks månadar då dei fann ho. No er ho 10 år.

Katten Frida.

Frida er er ein sibirkatt. Namnet på rasen er Neva masquerade.

Same dagen oppretta Katia kontakt med Mattilsynet. NRK har fått innsyn i korrespondansen mellom Katia og Mattilsynet.

Katia og mora er uroa over katten som har vore mange dagar på flukt og som i utgangspunktet er skeptisk til nytt miljø og nye folk.

Fekk avslag på besøk

«Frida har det bra. Det er ein fin katt», svarar Mattilsynet i den første mailen.

Eit bilete ligg som vedlegg:

Katten Frida på Moreppen karantenestasjon.

Dette var det første biletet Katia og Oksana fekk tilsendt av Mattilsynet.

Foto: Mattilsynet

Frida sit i reiseburet som ho reiste i gjennom flukta. I ein ny e-post spør Katia om dei kan få besøka Frida slik dei er blitt fortalt. Dei får nei til svar.

Mattilsynet sender Katia fleire bilete av Frida.

– Eg var ikkje imponert. Eg var til og med redd for å visa dei til mamma. Eg kunne sjå at Frida var trist og at ho sat på skittent underlag.

Katia får ei dårleg magekjensle og undrar seg over forholda på karantenestasjonane.

Frida på Moreppen karantenestasjon 31. mars.

Katia og Oksana blei skaka då dei fekk dette biletet tilsendt av Mattilsynet. Frida sit på eit skittent underlag i reiseburet på karantenestasjonen Moreppen. Biletet er teke 31. mars.

Katten Frida på karantenestasjonen Moreppen.

Mattilsynet sender fleire bilete av Frida på karantenestasjonen. Katia og Oksana blir uroa over forholda.

Katten Frida på Moreppen karantenestasjon.

Katia og Oksana blir uroa over forholda, og tykkjer Frida ser nedstemt ut.

Ann Margareth Grøndahl er seksjonssjef og veterinær i Mattilsynet på Romerike.

Ho har vore ansvarleg for Frida under karanteneopphaldet. Ho er også blant dei i Mattilsynet som har svart på e-postane til Katia.

Grøndahl seier at ho har full forståing for at eigarar ynskjer å besøka dyra sine. Ho fortel at dei fleste av karantenestasjonane i utgangspunktet er kennelar som er eigna til besøk.

Moreppen, som er karantenestasjonen som Frida var på, er ikkje det.

– Moreppen er eit lokale som tidlegare ikkje har blitt brukt til noko. På Moreppen er det etablert mellombels karantene for dyr frå Ukraina. Lokalet er ikkje eigna for mottak av besøk. Difor har vi med tanke på smitteomsyn hatt eit ønske om å avgrensa eigarbesøk der, seier Grøndahl.

Noah kritiske til besøksavslag

Dyrevelferdsorganisasjonen Noah har fått fleire førespurnader frå ukrainske dyreeigar som ikkje får besøkja dyra sine i karantene.

Noah kritiserer Mattilsynet for å ikkje la dyreeigarar få møta dyra sine i karantene.

– Det er det beste for dyr og eigar. Her har vi eit system som skal bidra til at flyktningar og dyra deira får det så bra som mogleg. Kvifor dei då gir avslag på besøk, forstår eg ikkje, seier Siri Martinsen i Noah.

Katia, Oksana og katten Frida.

Katia og Oksana tykte det var tungt å ikkje få besøkja Frida på karantenestasjonen.

Foto: Eirin Tjoflot / NRK

– Ved nokre karantenestasjonar er det mogleg for dyreeigarar å besøka dyret, men diverre ikkje ved alle, seier Ole-Herman Tronerud, fagdirektør i avdeling for regelverk og kontroll ved Mattilsynet.

Tronerud seier at det nokre stader ikkje er fysisk lagt til rette for besøk og at det andre stader ikkje er kapasitet til å handtera slike besøk.

– Førsteprioriteten deira er å ta godt vare på dyra dei har i karantene, legg han til.

Les også Frykter farlige sykdommer: Denne flyktninghunden må vente i flere måneder

Ukrainske kjæledyr i karantene MMR

Tok katten med seg til dyrlegen

2. mai fekk Frida grønt lys frå karantenestasjonen. 3. mai fekk Katia og Oksana katten tilbake. Då hadde Frida vore på karantenestasjonen sidan 17. mars.

– Det var som eg løfta eit tomt bur, fortel Katia om då dei henta Frida.

Oksana og katten Frida.

3. mai henta Oksana og Katia katten Frida. Dei tykte ho ikkje var som ho vanlegvis var.

Katten Frida

Oksana og Katia fortel at Frida verken åt eller drakk då ho kom frå karantene.

Katten Frida

5. mai tok Katia og Oksana Frida med til veterinær. Ho fekk diagnosane anoreksi, dehydrering og nedsett medvit.

Frida verken åt eller drakk, seier Katia som bestemte seg for å ta katten til veterinær.

5. mai fekk dei time.

Av veterinærklinikken blei katten vurdert med ein BCS (body condition score) på fire til fem av ni.

Samstundes blei Frida diagnostisert med anoreksi, dehydrering og nedsett medvit.

– Vi var redde for at katten skulle døy, seier Katia.

NRK har vore i kontakt med veterinærklinikken som behandla Frida. Dei ynskjer ikkje å uttala seg om saka.

Ann Margareth Grøndahl fortel at Mattilsynet vurderte Frida som sky, forsiktig og tilbakehalden, men at dei ikkje observerte sjukdomsteikn hjå Frida når ho var hjå dei.

– Det var også denne beskjeden eigaren fekk, seier Grøndahl til NRK.

– Det at vi ikkje observerte sjukdom 3. mai og at veterinæren skriv anoreksi, dehydrering og nedsett medvit den 5. mai tenkjer eg at ikkje nødvendigvis er motstridande opplysningar. Generelt er det slik at sjukdom nokre gonger kan oppstå akutt, legg ho til.

Grøndahl understrekar også at ein BCS på fire til fem av ni, blir beskrive som «Ideal Body Condition Score».

Eigarane meiner på si side at det er umogleg at Frida kan ha blitt sjuk på berre nokre dagar heime. Dei mistenkjer at katten verken har ete eller drukke på karantenestasjonen.

Katten Frida er no på betringas veg og er heime hjå matmor Oksana og Katia Dozhenko i Oslo.

Katia hevdar at historia til Frida er ei av mange. NRK har vore i kontakt med fleire ukrainarar som er misfornøgde med Mattilsynet. Katia fortel at fleire ukrainske på sosiale medium rår frå å reisa til Noreg med kjæledyr.

Oksana, Katia og katten Frida.

Frida, Oksana og Katia er no førte saman att. Det er dei alle tre glade for.

Foto: Eirin Tjoflot / NRK

Mange tek kontakt

Til no har det kome i overkant av 800 kjæledyr til Noreg.

Mattilsynet har ikkje oversikt over kor mange klager dei har fått.

Tronerud seier at nokre få har gitt kritisk tilbakemelding etter karantene. Nokre har vore kritiske til at dyra i det heile tatt må i karantene og at andre har ønskt hyppigare oppdateringar undervegs.

Les også Flyktning-dyr fra Ukraina kan koste staten dyrt: 50.000 kr for en hund

Refugees fleeing Russia's invasion of Ukraine arrive in Hungary

Siri Martinsen i Noah seier at det er i underkant av 10 personar som har vendt seg til dei med fyldige utgreiingar. I tillegg er det fleire som tek kontakt via sosiale medium.

Også Dyrebeskyttelsen seier dei har fått førespurnader frå folk som er uroa for dyra sine på karantenestasjon. Dei har ikkje oversikt over kor mange førespurnader dei har fått, men seier at det ikkje er så mange.

Oksana, Frida og Katia.

Frida er no på betringas veg, saman med mor Oksana og Katia i Oslo.

Foto: Eirin Tjoflot / NRK

Monica Bye har oppretta Facebookgruppa «Help for ukrainian pet owners in Norway».

Dagleg tek ukrainske dyreeigarar kontakt med ho. Ho får høyra både solskinshistorier og mindre solfylte historier.

– Men dei fleste som tek kontakt med meg kjem med negative tilbakemeldingar. Det er i alle fall 60 personar som har tatt kontakt med meg som har hatt dårlege opplevingar knytt til karantenesituasjonen, seier ho.

Særskilt har ho fått negative tilbakemeldingar om Moreppen.

– Karantenestasjonen er ikkje forsvarleg drifta og bryt med lovverket, hevdar Bye.

Grøndahl i Mattilsynet seier at Bye har gjort ein viktig innsats for å hjelpa flyktningane. Grøndahl seier også at Mattilsynet alltid vil forsøka å finna ut kva som har skjedd. Dette gjeld også sakene som har kome i Facebookgruppa.

– Vi har nyleg vore på ei uvarsla synfaring på Moreppen. Kattane der hadde det bra, og vi hadde ingen merknader til oppstallingsstaden, stell eller ivaretaking, seier ho.

Har du tips til denne saka?

Då høyrer vi gjerne frå deg!

E-post: eirin.tjoflot@nrk.no eller aud.darrud@nrk.no

AKTUELT NÅ