Etter departementet si handtering av katastrofen i Asia har UD blitt kritisert for å være eit tungrodd byråkrati med manglande handlekraft.
Fleire har foreslått at utanriksministeren må gå av, og mange har hevda at UD har ei svært autoritær leiing. Mariann Murvoll, som leier den største fagforeininga i UD, seier at delar av departementet er hierarkisk, og at det trengs ei omlegging.
Fagforeiningane håpar no at det store fokuset på problema kan føre til at det blir endringar i organsiasjonen. Men dei vil presisere at UD trass alt er ein god arbeidsplass, der folk blir verande lenge i jobbane sine og sjukefråveret er lågt.
- Likevel er det mange som er misnøgde med arbeidsforholda, seier Murvoll.
Fagforeningleiar Jan Grevstad er samd i delar av kritikken. Han seier at det ikkje er tvil om at det er svakheiter i systemet i Utanriksdepartementet, og han håpar at kritikken kan vere med på å få til endringar.