Hopp til innhold

Trygdemottakarar feilaktig dømde etter feil tolking av regelverket

Nav har tolka regelverket for å ta med seg trygdeytingar til EØS-land for strengt. Det viser ei interngransking. Fleire personar er straffa på feil grunnlag.

Pressekonferanse om retten til å ta med seg trygd til andre EØS-land

Ein intern gjennomgang viser at Nav sidan 2012 har tolka EUs regelverk for trygdeytingar feil. Det har ført til at mange er melde til politiet på feil grunnlag. Nav-direktør Sigrid Vågeng (t.v.) presenterte funna på ein pressekonferanse saman med arbeids- og sosialminister Anniken Hauglie (H).

Foto: Terje Pedersen

Reglane for å ta med sjukepengar, arbeidsavklaringspengar og pleiepengar frå Noreg til eit anna EØS-land medan dei var busett i Noreg, har ikkje vore praktisert rett sidan EUs trygdeforordning kom i 2012.

Det viser ein intern gjennomgang av praksisen i Nav. Reglane for personar som er busett i utlandet har vore praktisert rett. Gjennomgangen viser at det er rundt 2400 personar eller saker som kan ha fått ei tilbakebetalingssak som kan vere feil.

– Fleire er urettmessig melde og fått til dels store tilbakebetalingskrav frå Nav på grunn av denne feilen. Fleire personar er dømde til fengsel eller fått andre straffereaksjonar, seier arbeids- og sosialminister Anniken Hauglie (H).

Ho seier at dei vil setje i gang ein ekstern gjennomgang som følgje av denne saka for å finne ut kva som har skjedd.

– Det er eit tankekors at dette har skjedd over så mange år utan at Nav, Trygderetten, påtalemakta eller andre har klart å avdekke denne feilen, med dei konsekvensane det har hatt, seier Hauglie til NRK.

Trudde dei gjorde rett

Nav-direktør Sigrun Vågeng beklagar at dette har skjedd, og at dette har gått ut over enkeltpersonar.

– Dette er veldig leit, og eg beklagar naturlegvis på det sterkaste.

Ho seier dei vil gå gjennom alle dei 2400 sakene der det kan vere gjort feil. I tillegg seier ho at dei vil gå gjennom andre saker der det også kan vere gjort feil.

Nav-direktør Sigrun Vågeng beklager at dette har skjedd.

Nav-direktør Sigrun Vågeng beklagar at dette har skjedd.

Vågeng seier Nav trudde dei handla i tråd med regelverket då det kom i 2012.

– Vi meinte at praksisen vår ikkje var i strid med EU-regelverket i 2012. Men i 2017 kom Trygderetten og sa at vi ikkje hadde teke nok omsyn til EU-reglane. Då starta vi gjennomgangen som førte fram til konklusjonen om at vi hadde tolka feil.

Ho seier Nav no har endra tolking og praksis.

Feilaktig dømde

Riksadvokat Tor-Aksel Busch seier at det har vore minst 48 feilaktige dommar som følge av feiltolkinga. 36 av desse er dømde til fengsel utan vilkår. Den lengste dommen skal ha vore på åtte månader.

– Dette viser at vi må også kritisk gå gjennom også den rettslege sida ved meldingar frå det offentlege, uansett kor snevert felt dei måtte ha ansvaret for. Og i kva grad dei blir rekna som ekspertar.

Riksadvokat Tor-Aksel Busch på pressekonferanse om Nav feilaktige tolking av EU-regler.

Riksadvokat Tor-Aksel Busch seier at det har vore minst 48 feilaktige dommar på grunn av Nav si feiltolking av regelverket.

Foto: Terje Pedersen

Han meiner det er alvorleg at så mange menneske er uskuldig dømde.

– Her er det mange menneske som har sona fengselsstraffer, som ikkje skulle ha vore dømde eller tiltalte. No må vi gjere det vi kan for å rette opp i dette.

Kva meiner du om at det ikkje blei oppdaga tidlegare?

– Eg meiner det kunne ha vore oppdaga tidlegare. Og eg hadde gjerne sett at riksadvokaten hadde fått ei orientering på eit tidlegare tidspunkt når Trygderetten byrja å stille spørsmål ved lovtolkinga, seier Busch til NRK.

Hadde dei blitt orientert tidlegare, kunne kanskje enkelte dommar vore unngått, seier han.

– Uakseptabelt

Avsløringa har skapt reaksjonar på Stortinget. Leiar av arbeids- og sosialkomiteen, Erlend Wiborg (Frp) seier kallar det heile uakseptabelt.

– Det at uskuldige menneske er dømde, og enkelte har måtte sone fengselsstraff, viser alvoret i saka. Det å bli uskuldig dømd på denne måten får store konsekvensar for den enkelte, familien, yrkeskarrieren og på det sosiale plan.

Han krev ei fullstendig utgreiing frå Hauglie om korleis dette kunne skje, og kva som blir gjort for at det ikkje gjentek seg. Han får full støtte frå stortingsrepresentant Karin Andersen (SV), som meiner dei uskuldig dømde må få erstatning.

– Dei har mista pengar og blitt påførte skuld og skam. Det er ikkje berre tilbakebetaling det er snakk om, men også erstatning, skriv ho i ein e-post til NRK.

AKTUELT NÅ