Hopp til innhold

Trur ikkje Kina vil putte Noreg i fryseboksen denne gongen

Kina-ekspert Henning Kristoffersen trur ikkje Kina vil svare med ei ny utfrysing av Noreg etter at Huawei tapte konkurransen om å byggje ut det norske 5G-nettet.

Kina-ekspert Henning Kristoffersen.

Kina-ekspert Henning Kristoffersen trur ikkje på nokon sterk reaksjon frå Kina på at Huawei tapte konkurransen om å byggje ut det norske 5G-nettet.

Foto: NRK

Kinesiske Huawei var ein av tilbydarane til å byggje ut det norske 5G-nettet, men kontrakten gjekk til svenske Ericsson. Mykje av årsaka var at regjeringa stilte tryggingskrav som gjorde at det kinesiske selskapet berre kunne ha levert halvparten av det nye nettet.

Tryggingsrisiko og frykt for spionasje er mykje av bakteppet for tildelinga. Det er frykt for at Kina vil sjå på avgjerda som ei form for boikott av kinesisk teknologi.

Henning Kristoffersen, antropolog og Kina-ekspert, trur kinesiske styresmakter mislikar sterkt at Huawei ikkje fekk oppdraget, men at dei neppe vil reagere like sterkt som etter at den kinesiske opposisjonspolitikaren Liu Xiaobo fekk Nobels fredspris i 2010 .

Seks år i fryseboksen

Huawei logo på kontorbygning i Guangdong i KIna
Foto: Andy Wong / AP

Då sette Kina Noreg i fryseboksen i seks år, men situasjonen er ein annan i dag, meiner han.

– Beijing ser nok på det som ein delvis boikott av kinesisk teknologi i den norske marknaden, og med den polariseringa vi har i verda i dag, så blir det nok tolka som om at Noreg er meir eller mindre i lomma på USA og Donald Trump, seier Kristoffersen til NRK.

Han meiner likevel at sjølv om Kina hadde hatt lyst til å reagere, så veit dei også at dei kan skape trøbbel for Huawei.

– Eg trur ikkje at Huawei ynskjer at kinesiske styresmakter skal gå sterkt ut og reagere i Noreg eller andre stader, fordi det kan gjere det vanskeleg for selskapet å få 5G-kontraktar andre stader. Og det vil dei gjerne ha, seier Kina-eksperten.

Globalt prosjekt

Han minner om at Kina har eit globalt prosjekt der dei investerer over heile verda, og at dei er tungt inne også i Europa. Derfor har dei eit behov for å bli sett på som ein føreseieleg partnar.

Digitaliseringsminister Nicolay Astrup (H).

Digitaliseringsminister Nicolay Astrup gjer det klart at den norske regjeringa ikkje har utelukka kinesiske selskap frå konkurransen om å byggje det norske 5G-nettet.

Foto: NRK

– Kina tek nok dette tungt, og det kan påverke frihandelsprosessen med Noreg. Det kan hende at dei vil markere seg, men neppe noko i nærleiken av det dei gjorde etter fredsprisen i 2010. Det vil først og fremst føre til problem for Huawei, seier Henning Kristoffersen.

Heller ikkje andre Kina-ekspertar NRK har snakka trur at Kina vil reagere med alvorlege tiltak mot Noreg etter avgjerda.

Huawei-grunnleggeren advarer Norge: Kan bli taperen i 5G-revolusjonen

Ren Zhengfei grunnla Huawei

– Teleselskapa si avgjerd

Digitaliseringsminister Nicolay Astrup (H) trur ikkje avgjerda om ikkje velje Ericsson framfor Huawei i utviklinga av det norske 5G-nettet, vil få følgjer for dei norske forhandlingane med Kina om ein frihandelsavtale.

– Kinesiske styresmakter er godt kjent med at det er teleselskapa sjølve som vel underleverandørane sine, ut frå dei tryggingskrava vi har stilt. Vi har ei balansert tilnærming til dette, så frå vår side er det ingenting som endrar forholdet til Kina.

Astrup minner om at Noreg ikkje har utelukka enkeltleverandørar, heller ikkje kinesiske selskap. Men at det til sjuande og sist er teleselskapa som avgjer kven dei vil ha som underleverandørar.

AKTUELT NÅ