Hopp til innhold

Tre gode grunnar til at denne bølgja ikkje er like alvorleg som før

Folkehelseinstituttet seier at vi er inne i ei ny covid-19 bølgje. – Det er ikkje nokon dramatikk, seier Preben Aavitsland i FHI.

Et reagensrør med en lapp som sier positiv koronatest.

NY BØLGJE: Ifølgje FHI er vi på starten av ei ny koronabølgje.

Illustrasjon: DADO RUVIC / Reuters

– Dette er truleg starten på ei ny covid-19 bølgje i Noreg.

Det skriv Folkehelseinstituttet (FHI) i ny vekerapport. Talet på sjukehusinnlagde med korona har auka dei siste vekene, med 166 nye pasientar førre veke. Det er opp 16 frå veka før.

– Det er ikkje noko dramatikk i den auka, men vi har over fleire veker no sett ei auke i sjukehusinnleggingar, seier Preben Aavitsland, fagdirektør i FHI.

Han seier den vinterbølgja vi kjem inn i no, ikkje vil bli større enn den vi hadde i sommar.

– Vi må vere førebudd på at det blir meir spreiing av luftvegsvirus dei neste vekene og månadane, slik som det alltid blir om vinteren, seier assisterande direktør i Helsedirektoratet Espen Rostrup Nakstad.

Situasjonen blir ikkje like alvorleg som den var i starten av pandemien. Nakstad seier det er tre gode grunnar til:

Mindre alvorleg sjukdom

– Talet på smitta personar som blir alvorleg sjuke er mykje lågare no, enn tidlegare i pandemien. Det gjelde også talet på innlagde som treng intensiv behandling, seier Nakstad.

Det er fordi befolknings-immuniteten er styrka gjennom vaksinering og at mange har vore sjuke.

– Dei vaksinane som er blitt brukt fram til no held fram med å beskytte mot alvorleg sjukdom, trass i at viruset har endra seg gjennom to og eit halvt år.

Espen Nakstad

Assisterande direktør i Helsedirektoratet Espen Rostrup Nakstad seier dei følgjer belastninga i helsevesenet og har tett dialog med kommune- og spesialisthelsetenesta.

Foto: ISMAIL BURAK AKKAN / NRK

Ein ny omikronvariant BF 7 spreiar seg for tida i Europa, og den har også kome til Noreg.

– Det er viktig å hugse at virus endrar seg heile tida ut ifrå kva for eigenskapar som er mest gunstig for viruset. Koronaviruset har endra seg sidan det dukka opp i slutten av 2019.

Les også Ny omikronvariant sprer seg i Norge – kan være mer motstandsdyktig mot vaksiner

BioNTech-Pfizer vaksine

Tablettbehandling til risikopasientar

– Vi vil snart få tablettbehandling, seier Nakstad.

Den tablettbehandlinga kan bli brukt tidleg i sjukdomsforløpet til personar med til dømes svekka immunforsvar eller som av andre grunnar treng slik behandling.

– Dette er eit medikament som heiter Paxlovid og som vi har bestilt gjennom EU, fortel han.

Rosa og hvite paxlovid-tabletter på en hvit og blå embalasjeeske.

Slik ser Paxlovid-tablettane som snart kjem til Noreg.

Foto: JOE RAEDLE / AFP

For ei viss gruppe risikopasientar vil medikamentet redusere moglegheita for at ein blir lagt inn på sjukehus om ein er blitt smitta, ifølge Nakstad.

Talet på dødsfall går ned

Talet på koronadødsfall i verda har falle kraftig sidan sist vinter, viser tal frå Verdshelseorganisasjonen (WHO).

WHO-sjefen Tedros Adhanom Ghebreyesus seier det vart meldt inn 9.400 dødsfall relaterte til covid-19 i verda førre veke. Det er nesten 90 prosent færre enn i februar, då vart det meldt inn 75.000 på ei veke.

Tedros er likevel ikkje heilt nøgd.

– Nesten 10.000 dødsfall i veka er 10.000 for mange for ein sjukdom som kan kurerast og heilast, seier han.

To menn bærer ei trekiste gjennom en korridor av andre bruke trekister.

Tal frå WHO viser at over 6 millionar menneske har død av covid-19 hittil i pandemien. Dette bilete er frå Tyskland i januar 2021.

Foto: JENS SCHLUETER / AFP

I førre veke vart det meldt om 2,1 millionar nye smittetilfelle av korona verda over.

I Noreg har koronadødsfall lege relativt stabilt dei siste månadane. Vekerapporten frå FHI seier talet har vore mellom 22 og 44. Medan i februar låg talet på mellom 80 og 100 dødsfall, viser statistikk frå FHI.

– Den viktigaste årsaka til at dødelegheita går ned er at dei mest utsette personane er vaksinert og at vaksinane beskyttar godt mot alvorleg sjukdom, seier Nakstad.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger