To sikta etter valdshending på Dokka

Ein mann i 20-åra vart sendt til sjukehus med skader. Truleg er ikkje saka så alvorleg som politiet først trudde.

DOKKA: Politipatruljar rykka ut til ein bustad i Dokka der valden skal ha skjedd. Saka blir truleg teke ned i alvorsgrad.

Oppdatert: Politiet i Innlandet skriv laurdag ettermiddag på Twitter at dei no har avhøyrt fleire vitne, fornærma og dei to som er sikta. Ein av dei sikta er no lauslaten, den andre vil bli framstilt for varetektsfengsling måndag. Fornærma i saka ligg framleis på sjukehus, men skal ikkje vere alvorleg skadd.

Politipatruljar vart sendt til bustaden i Dokka etter melding om alvorleg vald. Ein mann i 20-åra verka alvorleg skadd.

– No har utviklinga gjennom natta vore den at han nok ikkje er så hardt skadd som det stod fram på staden. Så trass i at vi rusta opp til ein veldig etterforsking her i natt verkar det som saka blir teke ned kraftig i alvorsgrad no, seier Jon Eivind Melbye i politiet.

Politiet vil ikkje seie kva skader det er snakk om her.

Laster Twitter-innhold

Sikting kan bli endra

To menn i 20- og 30-åra vart teke av politiet på staden og sikta.

– Dei er sikta for kroppsskade førebels, så får vi sjå. Eg skal ikkje uttale meg på vegner av påtale, men vi får sjå om siktinga blir endra når vi ser kva typar skader mannen har, seier Melbye i politiet.

Hendinga skjedde klokka 21.08 fredag kveld og den skadde mannen er framleis på Gjøvik sjukehus.

Politiet har ikkje fått snakka med nokon av dei involverte enno. Krimteknikarar har vore på staden og har gjort seg ferdige der.

– Vi forventar å få snakka med den skadde mannen i dag og få eit meir klart bilete av kva som er skjedd. Vi skal også få gjort avhøyr av dei to som er sikta, seier Melbye.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger