Hopp til innhold

Tine lanserer borneprodukt med sveitsisk mjølk

Bondeeigde Tine nyttar sveitsisk mjølk i det nye borneproduktet Sprett, som vert lansert i desse dagar. Det gir bønder og politikarar ei dårleg magekjensle.

Sprett

Den nye smaktstilsette mjølk retta mot born, er eigentleg sveitsisk.

Foto: Scanpix/Tine/montasje

Norsk mjølkeproduksjon kostar norske skattebetalarar over ein milliardar kroner årleg. Men trass i store subsidiar til bøndene, har Tine no bestemt seg for å nytte sveitsisk mjølk i si nye satsing.

Samstundes er tollsatsen på 388 prosent av mjølkeprisen for private som ønskjer å importere utanlandsk mjølk.

Tek over for Litago

Sprett er den nye produktserien frå Tine som er retta mot born. Den skal ta over for Litago-produkta, og skal vere eit sunnare alternativ med meir naturlege råvarer.

Serien består av yoghurtar, mellommåltidsdrikkar laga av mjølk, og ein fruktdrikk. Men trass eit sunnare alternativ for born, vil ikkje norske mjølkeproduserande bønder tene direkte på produkta. Mellommåltidsdrikken vert nemleg produsert i Sveits – med sveitsisk mjølk som råvare.

Dette sjølv om det vert produsert for mykje mjølk i Noreg i høve til etterspurnaden. NRK meldte i vår at mesteparten av overforbruket går til produksjon av Jarlsberg-osten, med eit sviande stort tap.

– Uhøyrt

Torgeir Trældal (Frp)

Torgeir Trædal i Frp ser dette i samanheng med det han meiner er ein feilslått landbrukspolitikk.

Landbrukspolitisk talsmann i Framstegspartiet, Torgeir Trældal, meiner det er eit paradoks at Tine nyttar seg av utanlandsk mjølk, med tanke på overproduksjonen i Noreg.

– Dette er uhøyrt, eg og kjem til å ta dette opp med landbruksministeren. Det som er så tragisk er at me har for stor mjølkeproduksjon i Noreg. Kvifor i all verda skal me då nytte utanlandsk mjølk? Dette er nok eit bevis på at det er eg og deg som skattebetalarar som må ta rekninga.

Han ser det i ein større samanheng med ein landbrukspolitikk som han meiner ikkje kjem forbrukarane til gode.

– Dette viser berre dobbeltmoralismen i norsk landbruk. Dei har laga ein regulator som skal styre mjølkeprisar, og vil ikkje la marknaden styre. Samtidig har ikkje Tine noko problem med å nytte seg av marknaden så lenge den tener dei, seier Trældal til NRK.no.

Svekkjer merkevaren

Alf Holmelid

Alf Holmelid i SV er redd for at merkevara til Tine kjem til å bli svekkja.

Øystein Knoph

Øystein Knoph i Tine trur folk forstår at dei ønskjer å teste ut ein drikk på marknaden før dei investerer i dyre maskinar.

Foto: TINE SA

Kritikk kjem det også frå venstresida. Alf Holmelid er landbrukspolitisk talsmann i SV, og meiner det nye Tine-produktet ikkje er i tråd med dei overordna intensjonane som ligg inne i landbrukspolitikken.

– Eg er overraska over at dei vel ei slik løysing. Norsk landbruk er jo heilt avhengig av gode relasjonar til politiske styresmakter. Og ein vil ikkje oppnå gode relasjonar ved å nytte utanlandsk mjølk, når me legg såpass mykje offentlege midlar i å ta vare på norsk produksjon.

Holmelid meiner det kan bidra til å svekkje merkevareverdien til Tine, dersom ein ikkje kan stole på at produkta er norskproduserte.

Vil spare kostnader

Kommunikasjonsrådgjevar i Tine, Øystein Knoph, seier at det er manglande maskinelt utstyr som gjer at dei vel å flytte produksjonen til Sveits. Bakgrunnen for at det ikkje vert nytta norsk mjølk er for å spare transportkostnader, og å redusere miljøutsleppa.

– Me har valt å nytte sveitsisk mjølk for å halde nede transportkostnadene og miljøutsleppa. Så lenge me ikkje har den naudsynte maskinparken i Noreg, så er det føremålstenleg å bruke sveitsisk mjølk. Difor køyrer me ikkje norsk mjølk til Sveits.

Knoph seier ein produksjon i Noreg hadde blitt for dyr for Tine, så lenge det er uvisst korleis produkta blir mottekne av forbrukarane. Han seier dette kan bli revurdert dersom produktet vert ein suksess.

– Me håper dette blir så godt motteke i den norske marknaden at det blir økonomisk forsvarleg å flytte produksjonen til Noreg.

Er dette drøfta med mjølkeprodusentane i Noreg?

– Me er kanskje den mest demokratiske forretningsorganisasjonen i heile Noreg. Tine sin primære funksjon er å sikre gode resultat for mjølkebøndene. I så måte er dette ei avgjerd som eigarane våre står bak.

For dei aller fleste står jo Tine for noko heilnorsk, noko av det norskaste du får. Då blir det veldig rart når produktet inneheld utanlandsk mjølk.

Knut P. Bøyum, mjølkebonde

Dårleg magekjensle

Knut P. Bøyum

Mjølkebonde Knut P. Bøyum i Fjærland meiner bøndene si stemme burde bli høyrt i ei slik sak.

Foto: Eline Buvarp Aardal / NRK

Mjølkebonde Knut P. Bøyum frå Fjærland i Sogn og Fjordane stussar på at eit heilnorsk selskap som Tine vel å bruke sveitsisk mjølk i produksjonen.

– Instinktivt meiner eg det er det klart at dette er uheldig. For dei aller fleste står jo Tine for noko heilnorsk, noko av det norskaste du får. Då blir det veldig rart når produktet inneheld utanlandsk mjølk.

– Magekjensla mi er ikkje heilt god når det kjem til dette.

Bøyum erkjennar at det er vanskeleg for bøndene som eigarar å ha kontroll over kva leiinga i Tine gjer med tanke på utvikling av nye produkt. Men han meiner dette saka er så spesiell at den burde vore drøfta ned på lågast mogleg nivå.

– Dette er ei kursendring som burde ha vore drøfta heilt ned til enkeltprodusentane, seier han.

Landbruksminister Lars Peder Brekk (Sp), var ikkje tilgjengeleg for kommentarar då NRK.no ringde.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger