Hopp til innhold

«Raude» KrF-folk kritiske til Lippestads nye parti

Tidlegare KrF-nestleiar Odd Anders With går inn i partiet Sentrum. Også sentrale Hareide-medarbeidarar byter medlemskort. Men mange KrF-folk frå raud side er sterkt kritiske til partiet.

Odd Anders With, tidligere KrF-politiker holder innlegg i Nettverket Drivkraft.

GÅR INN: Tidlegare KrF-topp Odd Anders With.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB

Det politiske Noreg vart teke på senga då advokat og tidlegare Ap-byråd Geir Lippestad fortalde gjennom NRK tysdag kveld at han startar nytt parti saman med ei rekke tidlegare raude KrF-arar.

Ein del tidlegare sentrale medarbeidarar for Knut Arild Hareide har vore med på oppstarten av det nye partiet, og i dag melder fleire tidlegare KrF-arar seg på det nye prosjektet.

– Det er veldig hyggeleg at folk melder seg inn og med det viser at dei har lyst til å bidra. Samstundes er det viktigaste at folk har teke kontakt og sagt dei vil bidra til å samle 5000 underskrifter, seier Kristin Walstad, pressekontakt i Sentrum.

Partiet har fått om lag 50 medlemmar første dagen etter at prosjektet vart offentleg kjend.

Fleire tidlegare KrF-arar står saman om å skipe partiet Sentrum. Tidlegare byråd for Ap i Oslo, Geir Lippestad, er valt til styreleiar.

Fleire tidlegare KrF-arar står saman om å skipe partiet Sentrum. Tidlegare byråd for Ap i Oslo, Geir Lippestad, er valt til styreleiar.

– Smalare KrF

Odd Anders With er blant dei blir med i det nye partiet, skriv Adresseavisen. Han var sentral i KrF i Bondevik-perioden i norsk politikk, mellom anna som statssekretær i fleire år og andre nestleiar frå 1999 til 2003.

Då KrF vedtok å søke regjeringssamarbeid på høgresida for to år sidan, meldte han seg ut og var med på å starte opp det kristendemokratiske nettverket Drivkraft som skulle «synleggjere verdifellesskapet mellom sentrum og venstresida». Dei hadde nesten 300 medlemar i november i fjor.

No har With meldt seg inn i Partiet Sentrum, stadfestar han til NRK.

– Eg har meldt overgang for å halde min gamle politiske kurs. Det er KrF-skuta som har kome ut av drift med sine bindingar til Frp, seier With.

– Den bindinga er totalt i strid med det verdigrunnlaget KrF har. Det er ei trist utvikling, vi ser eit smalare parti enn KrF var før.

– Men vil ikkje desse to ganske like partia konkurrere ut kvarandre?

– Det er heldigvis mange parti som konkurrerer, og då handlar det om å vere tru mot verdiane sine. Frp er så langt frå KrF som ein kan kome.

KrF-leiar Kjell Ingolf Ropstad har førebels ikkje kommentert utspelet frå With til NRK.

Nettverket Drivkraft skriv på si Facebookside at det nye partiet ikkje spring ut ifrå dei.

– Sakna eit alternativ

Selje-ordførar Stein Robert Osdal

MELDER OVERGANG: Tidlegare KrF-ordførar i Selje kommune, Stein Robert Osdal.

Foto: Harald Kolseth / NRK

Ein annan som melder overgang til Sentrum er tidlegare KrF-ordførar i Selje kommune, Stein Robert Osdal.

– Eg har slite med KrF sidan retningsvalet i 2018. Eg har vore med, men har sakna eit alternativ. Då dette kom opp, var valet veldig klart, seier han.

Osdal seier han frå å vere oppriktig interessert i å endre KrF innanfrå, gradvis har vorte meir skeptisk, med saka om Moria-barna som «nest siste spikaren i kista».

Sentrale KrF-rådgjevarar med frå start

To tidlegare sentrale kommunikasjonsmedarbeidarar med lang fartstid i KrF er med i det nye partiet Sentrum frå start: Dag Fedøy og Gunnhild Sørås.

Overfor NRK grunngjev dei det med at dei er opptekne av kampen mot utanforskap og for mangfald og inkludering.

– Det begeistrar meg når ein skriv i plattforma at Sentrum er eit antipopulistisk parti, seier Fedøy.

Han var kommunikasjonsrådgjevar i KrFs stortingsgruppe frå 2011 til 2019 og var tett på Knut Arild Hareide under striden om retningsvalet i 2018. Han var også KrFs ordførarkandidat i Nordre Follo i 2019 og er i dag vararepresentant i kommunestyret.

Han meiner KrF har endra retning også på grunn av kven som har posisjonar etter at partiet gjekk i regjering.

– Eg kjenner sterkt politisk fellesskap med mange av dei som no stiftar partiet Sentrum, seier Fedøy.

Kr.F sitt veivalg mot høyresiden.

I BAKGRUNNEN: Dag Fedøy hadde som jobb å gje kommunikasjonsråd til KrF-leiar Knut Arild Hareide. No blir han med i nytt parti.

Foto: Terje Pedersen / NTB

– Du har kommunale verv, er ikkje dette illojalt overfor dei veljarane som stemte på KrF?

– Å forlate partiet lokalt har vore noko av det mest krevjande. Samtidig kjem eg til å styre vidare på det politiske programmet vi har her lokalt. Vi har ein samarbeidsavtale lokalt mellom KrF og dei raudgrøne partia som eg står inne for, seier Fedøy.

Gunnhild Sørås jobba for KrF på Stortinget i perioden 2006 til 2020. Ho stadfestar til NRK at ho har bidrege med kommunikasjonsbistand i oppstarten av det nye partiet, men seier tida vil vise kva rolle ho får i partiet vidare.

Eg vil bidra til eit politisk debattklima som ikkje splitter og skaper avstand mellom menneske. Det gjeld særleg innvandringsdebatten, seier ho.

Skepsis blant dei som blir

Anders Tyvand
Foto: JOHN-ANDRÉ SAMUELSEN / NRK

Samstundes er det stor skepsis til partiprosjektet blant «raude politikarar» som framleis blir verande i KrF. Anders Tyvand støtta Knut Arild Hareides plan om å samarbeide med venstresida i 2018 og sit i dag i sentralstyret i KrF. Han er ikkje samd med analysen om høgredreiing av partiet og meiner at KrF er meir samla enn på lenge.

– Det er ikkje kva parti vi samarbeider med som definerer KrF, men nokon må vi samarbeide med for å få gjennomslag. Begge sider frå 2018 er godt representerte og eg opplever at folk er motiverte.

Utviklingsminister Dag Inge Ulstein sto også på raud side under retningsdebatten, men fekk plass i Solberg-regjeringa under Kjell Ingolf Ropstads leiing.

– Eg kjenner eg får enno meir klokkartru på KrF og sakene vi kjempar for kvar dag. Det endrar ikkje noko for meg, seier Ulstein.

Han trur det nye partiet kan vere positivt for KrF.

– Eg trur det verkeleg mobiliserer for KrF.

Trude Brosvik
Foto: Oddmund Haugen / NRK

Trude Brosvik er mangeårig ordførar for KrF i Gulen og fylkespolitikar for KrF i Vestland. Ho har vore tydeleg plassert på venstresida i KrF, men blir ikkje med over til det nye partiet.

– Eg tenker at du vinn ikkje alle politiske kampar, men ein vel seg eit parti og slåst innanfor det. Eg har ikkje gitt opp KrF som ein god politisk reiskap, seier Brosvik.

Hoppar ikkje over

Heller ikkje alle som har forlate posisjonar i KrF hoppar umiddelbart på det nye prosjektet.

Dag Ivar Belck-Olsen var sekretariatsleiar i KrF under retningsvalet. Då den raude sida tapte, var han blant stabsmedlemane som sa opp jobben. Framleis er han med i KrF som passivt medlem.

har ingen planar om å bli med i Partiet Sentrum no. Men det overraskar han ikkje at tidlegare KrF-tilsette engasjerer seg.

Han seier tida vil vise om det er noko potensial for det nye partiet til å skaffe nok veljarar.

– Eg var skuffa over retningsvalet, er det framleis, og håper at KrF jo før jo heller endrar posisjonen som per i dag er låst til eit samarbeid langt til høgre, seier Belck-Olsen.

AKTUELT NÅ