Hopp til innhold

Tek til orde for norske testar mot utsleppsjuks

Enda ein tysk bilprodusent er i søkjelyset for juks med utsleppstal. Miljørørsla meiner det hastar å få på plass betre testar, moglegvis i Noreg. Regjeringa er ueinig.

Volkswagen

UTSLEPPSSKANDALE: Bilprodusenten Volkswagen vart i 2015 saksøkt for milliardar etter å ha seld dieselbilar med programvare som juksa med utsleppsdata.

Foto: Michael Sohn / AP

Mercedes-Benz-eigar Daimler er i søkjelyset til tysk politi etter ein razzia mot selskapet sine kontor i Tyskland førre veke. Bilprodusenten er mistenkt for juks med utsleppstal på lik linje med skandalen som råka Volkswagen i 2015.

Alle bilar som vert seld i Europa er testa for utslepp, men miljørørsla meiner testane er enkle å manipulere.

– Det er stor forskjell mellom det enkelte bilar slepp ut «på papiret» og kva dei reelle utsleppstala er, seier Ellen Viseth i miljøstiftinga Bellona.

Lovleg og ulovleg «juks»

Ho forklarer korleis bilprodusentar tek av spegel og teipar dører for å redusere luftmotstand i testane, eller på ulovleg vis manipulerer utsleppstala i programvara til bilane, slik som Volkswagen vart tekne for.

Fordelen med låge utsleppstal er at bilprodusenten får lågare skattar og at bilen gjennom insentiv i avgiftssystemet vert seld billigare til forbrukaren.

Bilfabrikk i Tyskland

TESTING: Alle bilar som vert seld i Europa skal vere testa for utslepp og forureining.

Foto: ODD ANDERSEN / Afp

Tek ikkje i bruk nye testar før 2019

EU innfører nye utsleppstestar frå september, men norske myndigheiter lèt vere å ta desse i bruk før tidlegast i 2019.

NAF meiner nye testar og førebygging av juks er viktig for å bevare tilliten til bilbransjen.

– Episodane med den ulovlege juksinga er rein svindel. Det er øydeleggjande for tilliten bilbransjen og skapar uvisse rundt det avgiftssystemet vi støttar opp om, der ein fremjar bilar som slepp ut minst klimagassar, seier Inger Elisabeth Sagedal i NAF.

Inger Elisabeth Sagedal

OMDØMME: Inger Elisabeth Sagedal i NAF ynskjer nye EU-testar velkomen, og meiner noko anna vil vere skadeleg for bilbransjen.

Foto: Erik Norrud

Regjeringa meiner derimot at ein roleg overgang mot 2019 er viktig for produsentane og forbrukaren.

– Å gjere det tidlegare ville vere uheldig fordi ein risikerer å få ulike avgifter for bilar avhengig av om bilen er målt etter ny eller gamal metode, seier Hans Andreas Limi, finanspolitisk talsmann i Framstegspartiet.

– Ei tydeleg interessekonflikt

I dag er det bilprodusentane sjølv som betaler for utsleppstestar på eigne bilar, noko Bellona meiner gjer testane lite truverdige.

EU-parlamentet har foreslått å endre ordninga, og har fronta eit overvakingsorgan som skal hindre juks, men EU-landa sa tysdag førebels nei til ei slik løysing.

– Her er det ei klar interessekonflikt, seier Viseth. Og peikar på at fleire av landa som produserer bilar har jobba aktivt for å forhindre eit slikt vedtak.

Frp: – Norske testar er ingen god idé

Hans Andreas Limi, Fremskrittspartiet

ROLEG OVERGANG: Hans Andreas Limi i Frp ynskjer ikkje å haste gjennom eit nytt system.

Derfor foreslår ho eigne testar i Noreg. Det er ikkje regjeringa einig i.

– Det er ingen god idé. Vi er tent med å ha ein felles standar for heile EU, og ikkje ulike frå land til land, seier Limi.

Mercedes-Benz ynskjer ikkje å kommentere saka utover den offisielle utsegna til hovudkontoret i Daimler i Tyskland, som peikar på at dei fullt ut samarbeider med myndigheitene i saka.

AKTUELT NÅ