Hopp til innhold

Systemet knelte etter Nytt på Nytt-spøk

Mellom 100.000 og 200.000 nordmenn gjekk inn for å sjekke kjernejournalen sin på nettet i går kveld, etter eit innslag i Nytt på Nytt på NRK1. Resultatet var at systemet braut saman.

Nytt på nytt om kjernejournal

VIDE: Sjå innslaget i Nytt på Nytt

Helse- og omsorgsminister Bent Høie under Høyres landsmøte

Helseminister Bent Høie (H) trur ikkje det blir like stor pågang på Helsenett framover som etter Nytt på Nytt fredag kveld.

Foto: Terje Pedersen / NTB Scanpix

Helseminister Bent Høie (H) var i går kveld gjest i Nytt på Nytt, og den nye tenesta der folk kan gå inn å sjekke sine helseopplysningar, var tema. Det vart spøkt med at den store pågangen tidlegare denne veka hadde ført til at nettsida braut saman på grunn av stor trafikk .

Dette skjedde etter at NRK i ei sak fortalde at mange hadde funne feil opplysningar om seg sjølve på den sida.

– Det var åtte gonger fleire som prøvde å logge seg på enn det som er normalt, og nettet knelte. Det var mellom 100.000 og 200.000 som prøvde samstundes, seier ein lattermild helseminister til NRK dagen etter.

Han veit ikkje kor mange som kan gå inn på tenesta samstundes utan at nettet går ned, men han er ikkje uroa for at nedetid skal skape vanskar for nettsida.

– Det er ikkje så ofte at Kjernejournalen er tema i eit så populært program som Nytt på Nytt, så eg trur ikkje dette blir eit problem, seier Høie.

Nå får du egen kjernejournal

Feil på helsenett

Dette skjermbiletet møtte mange som ville sjekke Kjernejournalen sin fredag kveld.

Foto: NRK

AKTUELT NÅ