Hopp til innhold

Sveaas om nytt forslag: – Ei løysing alle er passe misfornøgde med

Styret i Norske Skog har i dag lagt fram eit forslag til redningsplan for konsernet. Aksjonærane og kreditorane har ein frist på ei veke til å godta forslaget. – Alternativet er at vi slår selskapet konkurs, seier styreleiar Christen Sveaas.

Norske Skog presenterer ny redningsplan

Styreleiar Christen Sveaas ber alle partar om å godta forslaget som no ligg på bordet. Alternativet er truleg konkurs, seier han.

Foto: Berit Roald / NTB scanpix

Dette betyr at styret no legg fram eit forslag som ikkje dei uprioriterte kreditorane har stilt seg bak. Styret, med styreleiar Christen Sveaas i spissen, gjer det klart at om ikkje dette forslaget blir godteke, så går det mot konkurs.

– Dette er etter styret si vurdering det einaste gjennomførbare forslaget sett med dei usikra obligasjonseigarane og aksjonærane sine auge. Eg oppmodar derfor alle interessentar i Norske Skog til å støtte rekapitaliseringsforslaget. Alle andre alternativ vil gi mindre verdi og føre til kompliserte konkursprosessar, skriv styreleiar Christen Sveaas i ei børsmelding i ettermiddag.

Redusert gjeld

Styret opplyser i børsmeldinga at om forslaget går gjennom, så vil refinansieringa redusere bruttogjelda til selskapet frå rundt ni milliardar kroner til rundt 3 milliardar kroner. Det gir reduserte rentekostnader frå 600 millionar til rundt 200 millionar.

Størstedelen av tapa må berast av dei usikra lånegivarane og aksjonærane.

Styret i Norske Skog la fram sitt første forslag til redningsplan 18. september. Sidan har fristen for å finne ei løysing alle kunne godta ha vorte endra seks gonger.

– Er dette verkeleg det siste forslaget i saka?

– Det forslaget som no er forhandla fram, er mykje betre enn det fyrste forslaget, der de usikra kreditorane og aksjonærane ville fått igjen null. De sikra kreditorane er også «fed up» med forhandlingane. Nå har dei gitt mykje, og dei vil ha ei løysing, seier Sveaas til NRK.

Den nye planen går blant anna på å ta opp eit nytt obligasjonslån på 250 millionar euro til ei rente på 8,5 prosent med løpetid til 2022. Etter forslaget vil då dei sikra långivarane ha 91 prosent av aksjane, dei usikra lånegivarane får 6,3 prosent, medan eksisterande aksjonærar vil få 2,7 prosent.

Den høge gjelda har gjort det umogleg for Norske Skog å kome vidare. Selskapet går ved overskot på drifta, men gjeldskostnadene er altfor høge.

Norske Skog, Skogn

Norske Skog sitt anlegg på Skogn i Nord-Trøndelag.

Foto: TARIQ ALISUBH / NRK LUFTFOTO

Støtte frå 65 prosent

Styret foreslår også ei aksjeutviding i Norske Skogindustrier ASA opp til cirka 500 millionar kroner, med fortrinnsrett for eksisterande usikra obligasjonseigarar og aksjonærar. Fordelinga er foreslått til 300 millionar til dei usikra og 200 millionar til aksjonærane.

Styret gjer det også klart at dette forslaget har støtte frå 65 prosent av dei sikra obligasjonseigarane, og at betydelege aksjonærar i Norske Skog har indikert at dei er villige til å støtte det nye forslaget.

Sveaas seier han ikkje kan garantere at dei usikra långivarane vil gå med på forslaget.

– Det er mange av dei, og det er fleire forskjellige lån. Vi har eit håp om at forhandlingane skal føre til at alle tek til fornufta. Dette er ei løysing som ingen vil vere fornøgde med, men alle er passe misnøgde.

Mener Norske Skog ble tatt av stormannsgalskap

Obligasjonseigarane har no frist fram til torsdag 19. oktober kl. 17 til å godta forslaget.

Det blir gjennomført etter engelsk rett. Det betyr at kreditorordninga krev eit fleirtal i tal og 75 prosent av verdi. Transaksjonen vil også trenge 2/3 fleirtal frå eksisterande aksjonærar i Norske Skogindustrier ASA.

Styret skriv i børsmeldinga at dersom ikkje dette forslaget går gjennom, så vil det føre til at dei usikra obligasjonseigarane og aksjonærane vil tape alt.

Endå ei utsetjing for Norske Skog

AKTUELT NÅ