Hopp til innhold

På «forskjellstur» frå Holmenkollen til Holmlia

I eit forsøk på å markere seg som partiet mot ulikskap opna SV i dag valkampen med ein tur frå vest til aust gjennom hovudstaden. Venstre meiner partiet kopierer Raudt.

Kari Elisabeth Kaski og Audun Lysbakken på tur frå Holmenkollen til Holmlia

TUR DE FORSKJELL kallar SV valkampopninga si. Her går førstekandidat i Oslo, Kari Elisabeth Kaski, saman med SV-leiar Audun Lysbakken. Bilete er tatt ved Akerselva, elva som delar hovudstaden i ein vest- og austkant.

Foto: Audun Braastad / NTB scanpix

– Dette gjer vi for å vise fram «forskjellsnorge» og den mest klassedelte byen vi har. Dette håper vi kan bidra til at valkampen vil handle om det den bør handle om; fordeling av ressursar, seier SV-leiar Audun Lysbakken.

I formiddag starta han på ein tur frå Holmenkollen i Oslo, saman med førstekandidat i hovudstaden, Kari Elisabeth Kaski. Slik vil dei peike på forskjellane ein finn frå vest til aust i hovudstaden.

– Ulikskapane i makt og rikdom aukar raskare enn folk trur. SV trur derimot at eit samfunn med små forskjellar er eit betre samfunn som skapar tillit mellom folk, førebyggjer kriminalitet og sosiale utfordringar. Også økonomisk vekst er avhengig av små forskjellar.

På turen gjennom hovudstaden møter SV-arane partifellar, ekspertar, personar med politiske idéar og veljarar. Det heile delar Lysbakken med direktesendingar på Facebook:

– Eg ser ikkje forskjell på Raudt og SV

Sveinung Rotevatn, stortingsrepresentant og Venstre sin førstekandidat i Sogn og Fjordane, meiner partiet kopierer eit stunt partiet Raudt hadde for få år sidan.

Sveinung Rotevatn. Trær i bakgrunnen

SV + RAUDT: Sveinung Rotevatn, stortingsrepresentant frå Venstre i Sogn og Fjordane, meiner SV hermar etter Raudt.

Foto: Siv Sandvik / NRK

– Dette var nøyaktig det same Moxnes gjorde, med sin «rikingsafari» i Oslo. Personleg meiner eg det er platt å reise rundt slik.

Rotevatn meiner det er uklokt å snakke om hovudstaden som ein delt by.

På Twitter hevdar han at SV vert likare Raudt.

Laster Twitter-innhold

– Eg veit ikkje om eit einaste politisk spørsmål der dei to er ueinige. Det skuldast kanskje at Raudt har omfamna det liberale demokratiet, men også at SV har gått lenger til venstre dei siste åra, hevdar han.

Lysbakken avviser derimot at dei kopierer Raudt.

– Vårt mål er ikkje å vise fram dei rike i Oslo, men først og fremst å få fram dei som har gode idéar mot ulikskap, slik som breiddeidrett, Norsk Folkehjelp og fleire vi skal møte i løpet av turen.

– Vert SV likare Raudt, eller er de inspirert av partiet?

– Om ein meiner SV ikkje har snakka om ulikskapar før så har ein ikkje følgt med, svarer Lysbakken.

Audun Lysbakken, Inga Marthe Thorkildsen, Marianne Borgen og Kari Elisabeth Kaski

KJENTFOLK: På Sagene i Oslo møtte Lysbakken og Kaski sosialbyråd i Oslo, Inga Marte Thorkildsen og ordførar i Oslo Marianne Borgen, begge frå SV.

Foto: Audun Braastad / NTB scanpix

Politisk kommentator i NRK, Lars Nehru Sand, meiner SV har vald ulikskap som ei førstesak, då dei på mange måtar har mista skulepolitikken og miljøsaka til andre parti.

Han er samd i at Raudt og SV kan bli sett på som like på mange område, men legg til at partia snakkar til ulike veljargrupper.

– Det er mogleg dette rommet blir noko mindre når Raudt-leiar Bjørnar Moxnes vert ei nasjonal stemme i debattane, men for Lysbakken er det nok ein fordel at fleire pressar Arbeidarpartiet mot venstre, seier han.

– Er det riktig som Rotevatn hevdar at SV har bevega seg lengre ut på venstresida i politikken?

– Det kan oppfattast slik, i og med at SV no driv valkamp i større grad som eit sjølvstendig parti heller enn å gå til val som ei raudgrøn regjering. Det er første gang på lenge SV er i ein slik posisjon.

35 tiltak mot ulikskap

Førstekandidat for SV i Oslo, Kari Elisabeth Kaski seier folk kjenner til dei store ulikskapane i hovudstaden, og kan relatere seg til dette.

– Vi byrja turen på bydel Vestre Aker, der gjennomsnittsinntekta 730 000, endar opp i Stovner 352 000. Det er eit bevis på store forskjellar.

Som ei løysing av SV tidlegare lansert 35 tiltak dei meiner er løysinga på utfordringane.

– Det handlar blant anna om å rigge om skattesystemet meir rettferdig, endre arbeidslivet slik at folk får arbeid og faste stillingar, skape ein skule som gir alle barn like moglegheiter og auke inntekta til barnefamiliane, forklarer Lysbakken.

AKTUELT NÅ