– Etter ei samla vurdering av utsiktene og risikobiletet valde hovudstyret å halde styringsrenta uendra på dette møtet, kunngjorde sentralbanksjef Øystein Olsen på rentemøtet torsdag morgon.
Bakgrunnen for avgjerda er at fallet i oljeprisen og nedgang i oljeinvesteringar slår ut på norsk økonomi. Forbruket og private investeringar er venta å bli lågare framover enn det Noregs Bank tidlegare har lagt til grunn.
Likevel understrekar Olsen overfor NRK at Noregs Bank ikkje teiknar noko dystert bilete av norsk økonomi langt framover.
– Finanspolitikken er ekspansiv, konsumet er venta å ta seg opp igjen og eksportindustrien vil bli stimulert av betra konkurranseevne, seier Olsen.
Like etter at Noregs Bank avgjorde å halde styringsrenta uendra styrka den norske krona seg.
Uroa for bustadprisane
Noregs Bank meiner òg ei lågare styringsrente kan auke risikoen for at veksten i eigedomsprisar og gjeld blir større.
– Vi er allereie nede på eit historisk lågt rentenivå, og når vi er i ukjent terreng kan det vere fornuftig å gå litt varsamt fram, seier Olsen til NRK.
Norges Eiendomsmeglerforbund er uroa over at billegare kreditt får mange til å ta høgare risiko og låne over evne, og er derfor nøgde med avgjerda om å halde renta uendra.
– Ei ny rentesenkning på dette tidspunktet kunne utløyst ei ny kreditbølgje i pressområde, seier administrerande direktør i Norges Eiendomsmeglerforbund Carl O. Geving til NTB.
Splitta
Det var på førehand stor uvisse om Noregs Bank kom til å setje ned renta eller ikkje. Ekspertane var delte i vurderinga, men mange er samde om at det vil bli rentenedsetting til våren.
Noregs Bank har allereie sett ned styringsrenta to gonger i år. Første gong var i juni, då styringsrenta vart sett ned frå 1,25 prosent til 1 prosent på grunn av ei svakare utvikling i norsk økonomi enn venta. I september senka sentralbanksjefen styringsrenta på ny, med yttarelegare 0,25 prosentpoeng, til rekordlåge 0,75 prosent.
Sjølv om Noregs Bank har valt å ikkje røre styringsrenta denne gongen varslar Olsen ytterlegare kutt til våren.
– Blir utviklinga om lag slik vi no ser føre oss, kan styringsrenta bli sett ned i løpet av første halvår 2016, seier Olsen.