Hopp til innhold

Plutseleg stod vaktmeistaren på rommet hennar: – Eg vart veldig sjokkert

Fleire studentar klagar på umelde besøk frå utleigar. Studentsamskipnaden SiO beklagar og oppfordrar fleire folk til å varsle.

Agathe Waage

Agathe Waage uttalar seg som privatperson i denne saka, men ved sidan av studia er ho 2. nestleiar i Sosialistisk ungdom.

Foto: Mathias Moene Rød / NRK

– Eg vart og litt skremd, seier ho i Dagsnytt 18 i NRK.

Agathe Waage høyrde ein framand mann på andre sida av baderomsdøra.

Mannen var ein vaktmeister som kom for å fikse ein mangel ho hadde klaga på då ho flytta inn.

Meldinga Studentsamskipnaden SiO hadde sendt Waage på førehand skal ha tikka inn ein time før vaktmeisteren låste seg inn i bustaden, ifølgje Universitas som omtalte saka først.

Den vart sendt gjennom ei nettbasert meldingsteneste, som studenten måtte logge seg inn på for å lese, skriv avisa.

Waage hadde ikkje sett meldinga.

Ikkje lov

Ifølge husleigelova har Waage rett på å bli varsla innan rimeleg tid av utleigar før dei kan ta seg inn i bustaden hennar.

Likevel har Agathe Waage til saman hatt tre slike opplevingar sidan ho flytta inn i studentbustad hos SiO i Oslo i februar.

Det same skjedde igjen veka etter at ho først hadde klaga, og nokre veker etter det igjen, fortel ho.

Fekk du med deg denne? Annja (29) er rasande for auka leigeprisar på studentbustaden

Annja Edyta Johansen inne i studenthybelen

– Heilt vanleg

Fleire studentar som leiger hos SiO har opplevd slike overraskande besøk, ifølgje Universitas.

Etter at ho fortalde om sine opplevingar til avisa har Waage snakka med studentar som har opplevd det same frå utleigaren.

– Dei seier at det er heilt vanleg. Det er mange studentar som opplever det. Det er dette eg håpar å forandre, seier Waage.

Trur ikkje på det før eg ser det

SiO har allereie beklaga seg overfor Waage og ein annan student som har stått fram i studentmediumet.

Agathe Waage understrekar at ho er glad for at vaktmeistrane kjem på besøk for å ordne manglar ved bustaden hennar.

– Men det betyr ikkje at ein berre kan gå inn til nokon utan vidare.

No ventar ho at SiO set handling bak løfta sine om å få orden på dette.

– Eg trur ikkje på det før eg ser det. For det har vore så mange forteljingar om studentar som har klaga utan at det har blitt gjort nok, seier Waage.

Studentar Får mindre pengar til psykisk helse neste år

Anne Katrine Ravnanger

Ber andre studentar om å varsle

Gunn Kirsti Løkka er bustaddirektør i SiO Bolig som leiger ut til rundt 10.000 studentar.

– Vi beklagar det Waage har opplevd. Studentbustadene våre skal vere trygge heimar og opplevast som ein heim, vi tek dette veldig alvorleg, seier ho.

Ein annan student fortalde i februar om fire overraskande besøk, og fleire varsla besøk som kom brått på, skriv Universitas

Til no i år har Studentsamskipnaden SiO berre registeret klagar frå 10–15 personar om liknande hendingar.

Gunn Kirsti Løkka

– Vi har gjort mykje dei siste månadene for å forbetre rutinane, seier bustaddirektør i SiO Bolig Gunn Kirsti Løkka. Dei har til dømes etablert eit nytt system på nettsidene sine der studentane som leiger hos dei kan velje mellom at vaktmeister skal komme så fort som mogleg eller om ein vil vite nøyaktig når vaktmeister kjem i eit visst tidsrom ein gong fram i tid, fortel ho. 

Foto: Mathias Moene Rød / NRK

Dei mistenkjer at dette kan vere toppen av isfjellet, og oppmodar andre som opplever liknande ting som Waage om å melde frå.

– Vi ønskjer ikkje at det skal vere ei underrapportering av slike hendingar, seier Gunn Kirsti Løkka.

– Det at alle følgjer rutinane for innlåsing som vi har, bankar på og lyttar først er veldig viktig, seier ho.

Løkka understrekar at studentane som har klaga på dette har rett i at alle innlåsingar skal varslast.

– Det er husleigelova som ligg til grunn, og alle innlåsingar skal varslast, seier bustaddirektøren i SiO Bolig.

AKTUELT NÅ