Hopp til innhold

– Berre Oslo og u-land brukar så gamle maskinar

Stråleutstyr til behandling av kreft ved Oslo universitetssjukehus syng på siste verset. Kreftklinikken har ikkje fått pengane som trengst for å fornya dei aldrande strålingsmaskinane.

Einar Waldeland på Radiumhospitalet i Oslo

Den eldste strålemaskinen i bruk ved Oslo universitetssjukehuset (OUS) er 18 år gammal, og skulle ha vore byta ut for seks år sidan. Ingen andre europeiske land, som Noreg bør kunne samanlikna seg med, brukar så gamle maskinar til kreftstråling, opplyser Einar Waldeland ved Radiumhospitalet.

Foto: Gunn Evy Auestad / NRK

Kvart år får om lag 10.000 kreftpasientar stråleterapi ved norske sjukehus. Halvparten av pasientane får strålebehandlinga ved Oslo Universitetssjukehus (OUS), som har ei av dei største strålingsterapiavdelingane i verda, og det største kreftsenteret i heile Nord-Europa.

Likevel går stadig fleire av strålemaskinane ved OUS ut på dato – utan at det blir investert i nye.

– Det er berre u-land som nyttar så gamle maskinar som oss, seier medisinsk fysikar ved Kreft-, kirurgi- og transplantasjonsklinikken på OUS, Einar Waldeland.

Fryktar pasientkøar

NRK har tidlegare sett søkjelyset på kreft, både når det gjeld den kritiske mangelen på kreftlegar, og det faktum at pasientar døyr medan dei står i kø for undersøking og behandling.

I sommar kom statsminister Jens Stoltenberg med den mykje omtala «20-dagars-garantien» – lovnaden om kortare behandlingskø for kreftpasientar.

Leiaren for Kreftavdelinga ved OUS, Vidar Jetne, seier det er fare for at gamle, forfalne strålemaskinar kan bli nok ein flaskehals om få år.

Han understrekar at dei gamle maskinane ikkje er farlege for pasientane, men at dei krev langt meir planlegging og tidsbruk frå fagpersonellet for å oppnå eit like presist strålingsresultat som med dei nye strålemaskinane.

I tillegg tek sjølve strålebehandlinga av pasienten lenger tid med gammalt utstyr.

Jetne fryktar at forfallet til sjuande og sist vil gå utover pasientane, som følgje av redusert behandlingskapasitet.

– Dersom maskinar må gå ut av drift utan erstatning vil me mista behandlingskapasitet, seier Jetne.

Gammel stråleterapimaskin på Radiumhospitalet

Stråleterapien av kreftpasientar kunne vore mykje meir effektiv med nye maskinar, fortel tilsette ved Radiumhospitalet.

Foto: Gunn Evy Auestad / NRK

Kan ikkje gje avansert behandling

Strålebehandling har lenge vore ein anerkjend og effektiv metode for behandling av kreft. Målet med strålinga er å øydeleggja svulstvevet utan å skada for mykje av det friske vevet rundt – eit mål som moderne teknologi i stadig større grad greier å oppfylla.

Toppmoderne stråleterapimaskinar har blant anna tredimensjonale CT-opptak som gjer det enklare å kontrollera kvar strålane treff. Dermed kan ein også gje større dosar for å knekkja kreften.

Maskinane som utfører denne type kreftbehandling har ei levetid på 10-12år. Av dei totalt 17 strålemaskinane til OUS, har tre av maskinane allereie passert bruksdatoen.

– Den eldste er heile 18 år gammal og braut nettopp saman. Den er reparert, men bruken er redusert til enklaste form for behandling, fortel Waldeland ved Kreftklinikken.

Som medisinsk fysikar er det hans jobb å sjå til at strålebehandlinga blir mest mogleg presis. Waldeland er oppgitt over at Kreftklinikken ved OUS, som har ei av dei største strålingsterapiavdelingane i verda, må ta til takke med utstyr som vert avleggs.

– Samanslåinga til OUS har ført til investeringsstopp. Det er berre utstyr som bryt saman som blir reparert, oppgradert eller erstatta. Det fører til at me ikkje kan gje så avansert strålebehandling som me kunne ha gjort med moderne maskinar, fortel Waldeland.

Best før 2018

Sist det blei investert i nye maskinar ved Oslo-sjukehusa var i samband med Nasjonal kreftplan (1997-2006). På tampen av kreftlyftet opna nye stråleterapibygg med til saman 10 nye strålemaskinar på Radiumhospitalet og Ullevål universitetssjukehus i 2006. Men med dette var det slutt på investeringane.

I 2018 vil alle dei 17 maskinane ved OUS ha passert normal levealder. Fram til då vil helseføretaket stå overfor ei totalinvestering på heile 600 millionar kroner.

Per i dag er etterslepet allereie på over 100 millionar kroner.

– Me burde ha investert i opp til to nye maskinar i året. Dessutan har me behov for å utvida maskinparken frå 17 til minst 20 stråleterapimaskinar, fortel Waldeland.

(Saka held fram under biletet)

Stråleterapimaskin på Radiumhospitalet i Oslo

Denne stråleterapimaskinen er blant dei nyaste som Kreftklinikken ved OUS har i drift. Også den bør skiftast ut innan 2018.

Foto: Gunn Evy Auestad / NRK

Lovar ny maskin i 2012

Avdelingsleiar Jetne seier OUS burde investera 40–60 millionar kroner årleg i stråleterapiutstyr for å halda oppe ein moderne maskinpark.

Fagdirektøren ved OUS, Einar Hysing, erkjenner at løyvingane til kreftklinikken ikkje står i samsvar med behovet.

– Pengestraumen til teknisk medisinsk utstyr har i mange år har vore mindre enn det som er naudsynt, men det er ikkje snakk om full stopp, seier Hysing.

Ifølgje fagdirektøren vankar det 30 millionar kroner til innkjøp av éin ny strålemaskin i 2012.

– Målet er å få nok middel til å kjøpa inn éin ny maskin kvart år framover, legg Hysing til.

Men for å unngå utdaterte stråleterapimaskinar burde sjukehuset ha investert i dobbelt så mange – to nye maskinar i året.

Kvifor blir ikkje kreftbehandlinga meir prioritert?

– Den blir prioritert. Me slit med alt medisinsk teknisk utstyr. Det blir gjort for få investeringar generelt. Løyvingane me får frå Helse Sør-Øst dekkjer ikkje behovet, men ein maskin i året er eit stykke på veg, poengterer fagdirektøren.

– Neppe investeringstørke

Helse Sør-Øst avviser på si side at dei har knytt igjen pengesekken for investeringar i nytt medisinteknisk utstyr, som til dømes stråleterapimaskinar.

– Helseføretaka i regionen har samla investert for om lag 530 millionar kroner i medisinteknisk utstyr årleg. Det karakteriserer neppe til «investeringstørke», seier kommunikasjonsrådgjevar i Helse Sør-Øst, Christin Nyland.

Nyland påpeikar at Helse Sør-Øst fordeler løyvingane frå Stortinget vidare til helseføretaka.

– Det er sjukehusa sjølve som vel korleis dei skal ta i bruk midlane, blant anna om dei skal gå til drift eller investeringar, opplyser ho.

AKTUELT NÅ