Hopp til innhold

MDG OG Raudt meiner dei vart utelukka frå forhandlingane i natt

MDG og Raudt meiner dei andre stortingspartia utelukka dei frå forhandlingane om del to av krisepakken mot koronakrisa. Bjørnar Moxnes kallar det udemokratisk.

Moxnes

VIL GJE ARBEIDSLAUSE MEIR DAGPENGAR: Leiar i Raudt, Bjørnar Moxnes meiner dagens krisepakke hadde vore betre for dei som mistar jobben om partiet hans hadde vore representert i forhandlingane i natt.

Foto: Terje Bendiksby / NTB SCANPIX

Forhandlarane frå finanskomiteen på Stortinget tok natta i bruk for å bli einige om nye økonomiske krisetiltak.

Torsdag morgon presenterte dei åtte punkt frå den nye tiltakspakken mot koronakrisa.

Raudt og MDG meiner dei vart utelukka frå forhandlingane og at det går utover kulturlivet, studentar og arbeidsledige.

uzfvjishCPI

FINANSKOMITEEN: Sp-leiar Trygve Slagsvold Vedum og Finanskomiteen presenterte torsdag åtte tiltak dei vil ha i den nye krisepakken.

Foto: Terje Bendiksby

MDG: Bekymra for studentane og kulturlivet

Miljøpartiet dei grøne meiner dei og Raudt vart utelatne frå forhandlingane i natt og at det sender feil signal i ei der dei politiske partia har lagt seg på ei svært samarbeidsvillig linje.

– Eg synest det er unødvendig og uforståeleg, i ei tid der det er viktig at vi står saman, seier Une Bastholm.

Ho meiner studentane og kulturlivet ville fått betre hjelp om MDG hadde fått bidra i diskusjonen.

– Det at vi ikkje får lagt fram våre argument, fører sannsynlegvis til dårlegare ordningar for studentar og kulturaktørar, seier Bastholm og utdjupar:

– Vi ønska å gjere det lettare for kulturaktørar å få momsrefusjon for det dei kjøper og at studentar som har jobb skal få dagpengar på lik linje eller tilsvarande som andre arbeidstakarar når de blir permittert.

twulvCVlJ9A

MEINER STUDENTAR OG KULTURLIV BURDE FÅ MEIR: Une Bastholm, leiar for MDG.

Foto: Vidar Ruud / NPK

Raudt – Udemokratisk

Leiar i Raudt, Bjørnar Moxnes meiner det er mykje bra i del to av krisepakken, men at fanesaka deira om auke i dagpengar for arbeidsledige burde ha vore ein del av planen.

– Vi saknar auke i dagpengar for dei arbeidsledige, på same måte som dei som vert permitterte, seier han.

På spørsmål om han kjenner seg igjen MDG sine påstandar om at dei vart haldne utanfor forhandlingane i natt er han klokkeklar:

– Vi vart haldne utanfor dei reelle forhandlingane. Det er udemokratisk, det er uklokt og det er uheldig for dei som vert ramma av krisa, seier han.

Tajik: – Dei har deltatt i alle møta i finanskomiteen

Hadia Tajik, som sit i Finanskomiteen for Arbeidarpartiet, stiller seg undrande til påstandane om at Raudt og MDG har blitt utelatne frå forhandlingane.

– Dei har deltatt i alle møta i finanskomiteen, og fått all informasjonen som vart formidla til komiteen, seier ho.

Tajik understrekar at partia står fritt til å prate med kvarandre slik dei vil utanom komiteen og at ho ikkje har unngått å svare på MDG og Raudt sine innspel.

– Eg får likevel ta til etterretning at dei seier det dei gjer, seier ho.

t6zNPNxRKHM

KJENNER SEG IKKJE ATT I PÅSTANDANE: Hadia Tajik seier til NRK at ho ikkje bevisst har unngått MDG og Raudt sine innspel til del to av krisepakken. Her er ho flankert av Svein Harberg, Parlamentarisk nestleiar i Høgre.

Foto: Terje Bendiksby / SCANPIX

Meiner avgiftskutta ikkje er effektive

Arbeidsgjevarorganisasjonen Virke meiner forslaget om å kutte arbeidsgjevaravgifta vil vere mindre effektiv sidan mange verksemder allereie er stengde.

– Mange verksemder er stengde, og minst 100.000 sysselsette er ramma. Virke meiner betalt inn arbeidsgivaravgift for første termin må bli ført tilbake, seier Ivar Horneland Kristensen, administrerande direktør i Virke.

Står på kravet om garantiar til flybransjen

I Stortinget sin nye krisepakke var det tydeleg at politikarane først og fremst ønska å sikre innlandsflygingar.

Stortinget er villig til å bruke 40 millionar kroner i månaden for å sikre dei såkalla FOT-rutene, som hovudsakleg består av Widerøe sine flygingar.

Administrerande direktør i NHO Luftfart, Torbjørn Lothe meiner avgiftskutta som skal bli gjennomført i flybransjen har liten effekt, og at det er heilt nødvendig med statlege lån eller garantiar som gjev bransjen pengar til å kome seg gjennom krisa.

– Det er positivt at vi får nokre marginale avgiftskutt for flybransjen i den siste pakken. Men det hjelper ikkje mykje når flya stort sett står på bakken og dei fleste tilsette har blitt permittert, seier han.

AKTUELT NÅ